Fann 30 graver frå vikingtida

Arkeologane har gjort storfunn på Langeid i Setesdal. Det er sjeldan ein finn så mange graver samla på ein gard.

Video Fant 30 gamle graver

Camilla Wenn

ARKEOLOG: Camilla Wenn har gjort fleire funn i Setesdal.

Foto: Reidar Mosland/NRK

– Vi har funne veldig mykje forskjellig. Vi har eit gravfelt med nærare 30 ulike graver samla, seier arkeolog Camilla Wenn frå Kulturhistorisk Museum til NRK.no.

Det er sjeldan dei får servert så mykje på eit så lite område som dei no opererer i, forklarar Wenn som trur dei fleste er frå Vikingetida.

Same slekt?

Gravene på Langeid er likevel ikkje endeleg tidfesta. Dei ligg adskilt ved sida av kvarandre. Og om gravene er frå ulike periodar, kan det tyde på at same slekt har budd i området fleire hundre år før Vikingtida rundt år 1000.

For når framande slektar kom, bruka dei ikkje å respektere gamle graver.

– Eit viktig dalføre

– Normalt får vi litt graver og litt forskjellig. No har vi eit heilt gravfelt. Vi har også stolpehol som tyder på busettjing. Vi har kokegroper som tyder på ulike typar sosiale, kanskje rituelle aktivitetar, seier Wenn.

– Det er sjeldan vi har moglegheit til å undersøkje så mykje ulikt på ein gang, seier ho.

Arkeolog Nils Ole Sundet fra Aust-Agder fylkeskommume er stolt over funna i Setesdal.

– På desse jorda her har vi på ein måte heilheita i korleis folk har levd gjennom ein lang tidsperiode i jernalderen. Det er ingen tvil om at Setesdal har vore eit viktig dalføre gjennom lang tid, seier han.

Fleire gjenstandar

Det er blant anna funne spinnehjul, glasperler og bryner. Jorda i området gjer at beinrestar nesten ikkje er bevart. Difor fins det lite beinrestar i åtte av dei rundt 30 gravene som er opna.

– Vi har ikkje funne nokon menneskerestar så langt i gravene. Vi har nokre små fragment av brent bein, men det må undersøkjast av ein beinspesialist for å finne ut om det er menneskebein, seier Wenn.

Men arkeologane har funne ein uvanleg gravskikk blant desse gravane der menneska ikkje er brent men begravd heile.

– Det er stolpehol på alle hjørna av ein grav. Det tyder på at det har vore ein konstruksjon med store stolpar og truleg tak over, forklarar arkeologen ,som seier det berre er funne eit par gravar her sør med slike stolpehull

Funn på Langeid

FUNN: Arkeologane har funne fleire gjenstandar på Langeid.

Foto: Reidar Mosland/NRK

Vil ha meir tid

Opprusting av riksvegen opp Setesdal er bakgrunnen for at utgravingane vart sett i verk.

Den siste planlagde utgravingsveka er slutt om nokre få dagar, men Camilla Wenn håpar at vegvesenet og vernestyresmaktene gir dei tid til å grave ut meir.

– Vi skulle gjerne ha hatt nokre veker til. Fire-fem veker, så hadde vi moglegheit til å gjere dette skikkeleg, seier ho.