Hopp til innhold

Mobilar forstyrrar gravferder

Både prestar og kyrkjegjengarar er lei av at mange droppar å skru av lyden på mobiltelefonen sin i samband med gravferder og gudstenester.

Vålerengen kirke

MOBIL: Prestar på Sørlandet er lei av mobilar som ringjer i samband med gravferder. (Arkivfoto)

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

– Det er faktisk dei eldre som er dei verste. Dei veit gjerne ikkje korleis dei skrur av lyden eller telefonen, og mange gløymer at dei har den med, seier sokneprest Svein Giljebrekke i Valle kirke i Lindesnes til Lindesnes Avis.

– Dei kan ikkje handtere telefonen, og vert stressa om det byrjar å ringe, seier han.

Glad-låt

Han vurderer no å henge opp plakatar i krykja med teksten «Vennligst skru av mobiltelefonen» nettopp for å hindre ringing under gudstenestene. Ved eit tilfelle ringde tre telefonar i løpet av ei gravferd.

– Det verste var ein gang vi senka kista i ein begravelse, så plutseleg høyrde vi berre ei skikkeleg glad-låt frå ein mobiltelefon medan folk stod og sørga, seier soknepresten.

I Mandal kirke er det allereie hengt opp plakatar der dei minner folk på å skru av lyden på telefonane sine.

Pratar under gravferder

– Dersom folk er usikre på korleis dei skal slå av lyden er det kanskje best å leggje den heime eller i bilen, seier Giljebrekke.

Det er ikkje berre mobiltelefonar som irriterer prestar på Sørlandet. Også pratande kyrkjegjengarar får soknepresten i Mandal til å reagere.

– Når vi er i kyrkja og i andre samanhengar må ein vite kvar ein er, og kva ein ikkje bør gjere, seier Per Ragnar Haraldstad til avisa.

Har ikkje ord

Linda Olsen frå Vigeland meiner oppførselen til enkelte er respektlaus.

– Eg har berre ikkje ord. Det er så respektlaust, og i alle fall i ei gravferd der det sit sørgande menneske. Det er heilt forferdeleg, seier ho.

– Såpass respekt må ein ha, at ein legg mobilen att heime eller i bilen, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %