NRK Meny
Normal

Mistenkeleg dødsfall i Arendal

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet i Arendal har sett i gang etterforsking etter at ei kvinne vart funne død tysdag ettermiddag.

Ifølgje VG Nett skal kvinna ha falle utfor ein ti meter høg skrent. Kvinna er no send til obduksjon.

– Kvifor ho har falle ned der framstår som litt rart, seier politistasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad til avisa.

– Kvinna vart funne død utanfor der ho bur. I og med at ho var aleine når ho døydde er det naturleg å gjennomføre obduksjon og opprette sak om mistenkeleg dødsfall, seier politiadvokat Per Thorbjørnsen til NRK.no.