Hopp til innhold

Meiner at Sørlandsrestaurantane ikkje har høgt nok nivå for Michelin-guiden

Kristiansand og Arendal er for små byar til å få ei stjerne, meiner anerkjent matmeldar. Sørlandet kan ikkje måle seg med matkulturen i Stavanger, seier han.

Matanmelder Erik Guldbrandsen.

– Ei Michelin-stjerne er ein siger og ein inspirasjon for kokkane og byen som får det, seier matmeldar Erik Guldbrandsen.

Foto: Helle Westrum / NRK

– Michelin-guiden prioriterer ikkje å reise til så små byar. Det gjeld dessverre også for Kristiansand og Arendal, seier mangeårig matmeldar i Aftenposten Erik Guldbrandsen.

Han er sørlending og har sjølv ete ved nesten alle restaurantar i dei største sørlandsbyane.

Han er ikkje spesielt imponert over nivået.

– Nivået er ikkje høgt nok

Guldbrandsen er kanskje brutalt tydeleg når han meiner at sørlandsrestaurantane burde heve kvaliteten.

– Restaurantane held ikkje høgt nok nivå, og då blir dei ikkje omtalte i Michelin-guiden, seier han.

Restauranten Under i Lindesnes

Restauranten Under var spente på om dei fekk behalde stjerna i Michelin-guiden. – Litt vanskeleg å tru det, eigentleg. Det er jo heilt utruleg, rett og slett, seier sjefkokk Bernt Sætre.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Guldbrandsen trur ikkje det blir nokon stjerner på restaurantar i storbyane våre, slik stoda er no.

– Hadde eg sjølv gått i Kristiansand som Michelin-inspektør, hadde eg vel berre nemnt restauranten Smag og Behag som hadde komme inn i guiden. Ikkje med noko stjerne, men som ein bra serveringsstad å reise til.

Situasjonen er annleis berre nokre timar unna oss.

Når ikkje opp til Stavanger

For, Stavanger har ti serveringsstader nemnde i Michelin-guiden.

– Stavanger er ein oljeby med ein heilt annan kultur på det der med å gå ut og ete. Sørlendingar gjer ikkje det på same måten. Vi må få sørlendingar meir ut og ete og legge igjen meir pengar, seier Guldbrandsen.

Eilert Smith, hotellet i Stavanger som huser Michelin-restauranten Re-Naa

Eilert Smith, hotellet i Stavanger som husar Michelin-restauranten Re-Naa.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han meiner at Sørlandet ikkje kan måle seg med matkulturen i Rogaland.

– Stavanger har erfaring med mat på høgt nivå med den tradisjonsrike matfestivalen i byen. Så her er det ein lang veg å gå for Sørlandet.

Før var det berre serveringsstader i Oslo som blei vurderte i guiden. Etter kvart vart det Stavanger, Bergen og Trondheim.

Hyllest av kokk og by

Guldbrandsen poengterer at Michelin-stjerner betyr mykje for både kvar enkelt kokk og for byen samla sett.

– Oslo fekk no inn 34 restaurantar i Michelin-guiden, som er ny rekord. Og det betyr mykje både for turistar og folk som vil reise til hovudstaden for ei spesiell matoppleving, seier han.

Guldbrandsen understrekar at folk reiser til restaurant Iris i Hardangerfjorden.

– Dei reiser til stader med Michelin-stjerner. Sjå på Rena som får tre stjerner no i Stavanger. Det er ein destinasjon i seg sjølv, som det fint heiter i Michelin-kriteria, seier han.

Men, det vart jubla under havet i Lindesnes i går.

Stor marknadsføringsverdi

Måndag vart det nemleg kjent at restaurant Under i Lindesnes får behalde Michelin-stjerna si.

Eg er superstolt over Under og dette er med på å marknadsføre Agder på ein veldig god måte, seier dagleg leiar i Visit Sørlandet Hege Julianne Nevestad.

Hege Julianne Nevestad

– Vi har veldig mange gode restaurantar i Kristiansand og Arendal som vi marknadsfører saman med resten av Agder, seier dagleg leiar i Visit Sørlandet Hege Julianne Nevestad.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

Ho argumenterer med at det er kostbart å få ei stjerne og det kan resultere i at ikkje alle restaurantar går inn for å få stjerner.

Les også Manglet gjester tross Michelin-stjerne: – Ingen selvfølge at det skal gå bra

Restauranten Under

Nevestad forklarer at det å vere nemnd i Michelin-guiden også har stor verdi.

Boen Gård på Tveit i Kristiansand er nemnd i guiden, og det bruker vi i marknadsføringa av Sørlandet, fortel ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %