Hopp til innhold

Meiner Ap og Sp har svikta demente

Frps eldrepolitiske talsmann meiner det er Arbeidarpartiet og Senterpartiet si skuld at 32 000 demente framleis står utan eit tilbod om dagaktivitet.

Bård Hoksrud

Frps eldrepolitiske talsmann Bård Hoksrud er kritisk til at få kommunar søker om tilskot til aktivitetsplassar for demente.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Arbeidarpartiet og Senterpartiet styrer totredelar norske kommunar, seier Frps Bård Hoksrud.

Laurdag fortalde NRK at rundt 32 000 demente står utan eit tilbod om dagaktivitet.

I fjor sette regjeringa av pengar til kring 1200 dagaktivitetsplassar, som kommunane kan søke om.

Men til saman søkte kommunane berre om lag halvparten. Resten av pengane står ubrukt. Det gjorde at talet vart redusert til om lag 850 plassar i år.

Kristiansand kommune

Frå 2020 må alle kommunar tilby dagaktivitet til demente.

Foto: Kristiansand kommune

– Tragisk

– Det er tragisk for alle som vil gjere meir for eldreomsorga. Det er tragisk å sjå at pengane ikkje vert brukt når vi veit behovet, seier Hoksrud.

– Kommunane har aldri hatt betre råd. Men mange prioriterer andre ting enn eldreomsorg. Til dømes kulturhus eller andre ting som går på bekostning av eldreomsorga. Raudgrøne kommunar ropar på at staten må ordne det. Men dei må prioritere annleis. Dette er noko av det viktigaste vi må prioritere.

Kritikken får Arbeidarpartiets stortingsrepresentant, Kari Henriksen, til å steile.

– Det verkar desperat. Vi er veldig kjend med at regjeringa skuldar på dei under seg i tenestene. Eg oppfattar dette som eit desperat utspel for å få fokuset vekk frå manglande måloppnåing, seier Henriksen.

– Ja, kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å drive i tråd med behova til innbyggjarane. Men når pengane ikkje vert brukt, er det eit signal på at noko må gjerast. Han bør heller stille spørsmål til eigen helse- og omsorgsminister for å finne ut kva dei kan gjere for å få opp talet, seier Henriksen.

Kari Henriksen

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Kari Henriksen meiner regjeringa må ta ansvar for at 32 000 demente står utan tilbod om dagaktivitet.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Lovfesta i 2020

I 2020 blir det lovfesta at kommunane skal ha eit dagaktivitetstilbod for demente.

– Dette er noko av det viktigaste vi kan gjere for eldreomsorga. Dei får ein betre kvardag. Aktivitet forseinkar sjukdommen og dei kan leve lengre i heimen, seier Henriksen.

– At pengane ikkje vert brukt, viser at det er rett å lovfeste dette. Det uroar meg at mange eldre ikkje får plass på dagaktivitetar. Det er utruleg viktig, seier Hoksrud.

På Sørlandet er det berre fem kommunar som har søkt om, og fått tilskot til dagaktivitetsplassar i 2017.

– Ei forklaring kan vere at mange kommunar har bygd ut gode sjukeheimar med mange plassar, slik at det ikkje er behov for eit slikt tilbod, seier Henriksen.

Songdalen kommune har fått flest med 27 nye plassar.

– Det vil bli meir fokus på aktivitetsplassar. Det vil bli eit satsingsområde for kommunane, seier Senterparti-ordførar Johnny Greibesland som reagerer på kritikken frå Hoksrud.

– Eg tykkjer det er tøvete og flåsete. Hadde kommunane fått endå meir ressursar hadde vi verkeleg vore klar til å satse endå meir på helse og omsorg.

Johnny Greibesland

Johnny Greibesland (Sp) er ordførar i Songdalen kommune. Dei har fått 27 nye aktivitetsplassar for folk med dement, etter å ha søkt om tilskot.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %