NRK Meny
Normal

Måtte «flykte» frå haglbyge

Lyn, torden og kraftige haglbyger laga skader på fleire bilar i Risør måndag kveld. – Det var skikkeleg ille, seier Hermann Strand jr. til NRK.

Sjå korleis bilistar flykta frå ei kraftig haglbyge i Risør måndag. Bilistane søkte tilflukt under taket på ein bensinstasjon i sørlandsbyen. Her er bilete frå overvakingskamera på stasjonen.

Sjå korleis bilistar flykta frå ei kraftig haglbyge i Risør måndag. Bilistane søkte tilflukt under taket på ein bensinstasjon i sørlandsbyen. Her er bilete frå overvakingskamera på stasjonen.

– Dette er jo naboen sin splitter nye bil. Taket er fullt av bulkar både på tak og panser. Min bil der borte er også full av bulkar, seier Strand jr.

Han har akkurat talt kor mange bulkar det er på bilen til naboen.

Han kjem opp i 18, og det berre på taket.

Gå til forsiden

Lyn og torden torsdag kveld

Lyn og torden utenfor Grimstad

Lyn og torden torsdag kveld

10 bilder

Ein av mange små bulkar på ein bil i Risør. Sjå fleire bilete av lyn og torden i albumet.

    – Tragisk

    – Det er ikkje dårleg det Håkon, på ein ny bil. Det er tragisk, seier han til naboen, som ikkje vil la seg intervjue.

    Like før klokka 21 var uvêret på sitt verste i Risør.

    På ein bensinstasjon søkte eit titals bilar tilflukt under taket på bensinstasjonen, for unngå å bli treft av hagl, som har blitt beskrive som klinkekuler og tennisballar.

    – Det var ekstremt. På ein snau time kom det cirka 45 millimeter regn og store hagl. Eg ville ut for å prøve å flytte bilane på garden, men det kunne eg berre gløyme. Det var ikkje greit å gå ut i det heile. Det lynte og tordna og slo ned omkring. Det var skikkeleg ille, seier han.

    Lyn, torden og kraftige haglbyger laga skader på fleire bilar i Risør måndag kveld. – Det var skikkeleg ille, seier Hermann Strand jr. til NRK.

    Sjå intervju med Hermann Strand jr.

    Full panikk

    Det var intenst då det stod på som verst. Barna hans på fem og ti år var ikkje høge i hatten.

    – Det var full panikk. Gutungen skalv, så det var ut av senga igjen og i armkroken til mor og far. Det blei litt seint i går, så det var ikkje så gildt i dag då dei skulle på skulen, ler han.

    Uvêret førte også til skader på vegar i Aust-Agder, ifølgje Agderposten.

    Strøm jr. er spent på korleis det har gått med den andre bilen hans.

    – Den er temmeleg ny, men kona har den med på jobb. Så det blir spennande å sjå etter arbeidstid korleis den er. Men eg trur ikkje den er noko betre enn dei andre her i området. Vi får håpe forsikringsselskapet godtek opplysningane og bevisa dei får, seier han.

    Laster Instagram-innhold