Hopp til innhold

To personar skadd av lut i drikkevatn

Minst to personar skal vere skadd etter å ha fått lut på seg frå drikkevatnet i Kvinesdal.

Brunt vann i Kvinesdal.

Brunt vatn i springen til fleire innbyggjarar i Kvinesdal: Slik såg drikkevatnet ut på Storekvina på måndag.

Foto: Tipser

– Vi ser veldig alvorleg på at det er feil og manglar med det vi leverer av vatn, seier einingsleiar for teknisk drift i Kvinesdal kommune Geir Netland.

Måndag kveld vart det oppdaga at store mengder lut i ein kort periode har runne ut i drikkevasskjelda Storekvina.

Kvinesdal kommune i Agder sende då ut ei melding til bebuarar på Storekvina om at vatnet i springen var brunt og hadde høge verdiar av lut.

– Før det blir brukt som drikkevatn må det tappast ein halv time, der ein vekslar mellom kaldt og varmt vatn. Det må gjerast i alle kraner, informerte kommunen i tekstmelding til aktuelle vass-abonnentar.

Kommunen ber innbyggjarar som er bekymra for om dei har fått i seg vatn med store mengder lut om å ta kontakt med legevakta.

Fleire har kontakta legevakt

Netland opplyser til NRK at to personar allereie har teke kontakt med legevakta.

I tillegg er éin person vareteke av helsepersonell etter å ha dusja i vatnet. Ifølgje avisa Agder skal personen ha opplevd etsing på huda.

Luten som tilsettes drikkevannet kommer fra denne tanken.

Natronluten som blir tilført drikkevatnet kjem frå denne tanken.

Foto: Lars Eie / NRK

Om lag 160 innbyggjarar i kommunen får vatn frå drikkevasskjelda.

– Det er framleis uklart for oss kva som har skjedd, seier Netland.

Han fortel at dei tilset lut i drikkevatnet for å regulere pH-en til ynskt verdi.

– Når vi får vatn frå ein grunnvassbrønn er det litt for surt og då tilset vi lut for å få det opp til ein pH på mellom 6,5 og 9,5.

Netland seier at dei har varslingssystem som skulle ha oppdaga hendinga.

– Kvifor dette ikkje fungerte i dette tilfellet er noko vi skal undersøkje. Vi skal no granske saka og finne ut kva som har skjedd.

Alle dei ni vassverka i kommunen skal sjekkast etter hendinga.

Geir Netland, Kvinesdal kommune

Geir Netland er einingsleiar for teknisk drift i Kvinesdal kommune.

Kva er lut?

Lut er etsande løysingar som blant anna blir brukt til produksjon av vaskemiddel.

Kjemisk sett er lut sterkt basisk hydroksid, for eksempel natriumhydroksid (natronlut) eller kaliumhydroksid (kalilut), som er oppløyst i vatn.

Lut er, i likskap med syrer, standard løysemiddel i kjemi, ifølge Store norske leksikon.

Lut er etsande på hud og slimhinner, og verkar «glatt» og vanskeleg å vaske vekk, noko som gjer at lutsøl på hud og slimhinner må fjernast omgåande ved skyljing med vatn.

Ved søl på huda eller sprut i auga må det umiddelbart skyljast med vatn i minst 30 minutt.

Ved etsande konsentrasjonar må skyljinga halde fram i fleire timar. Kontakt legevakt, sjukehus eller Giftinformasjonen.

Kvinesdal

Kvinesdal sett frå Utsikten. Om lag 150 innbyggjarar herifrå får drikkevatn frå Storekvina.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %