Laser-kontroll på kyrkjegarden

Politiet har erta på seg soknerådet i Hylestad, etter at dei rigga seg til med radarkontroll på kyrkjegarden.

Øystein Krogstad

UP-leiar Øystein Krogstad seier seg lei for at UP sette opp kontrollutstyr i vigsla jord på kyrkjegarden.

Foto: Frans Kjetså / NRK

Folk i Valle reagerte kraftig då Utrykningspolitiet fredag ettermiddag rigga opp utstyr inne på sjølve kyrkjegarden i Hylestad for å gjennomføre laserkontroll på riksvegen like ved, skriv Setesdølen.


Distriktsleiar i UP i Agder og Rogaland, Øystein Krogstad, lovar at det aldri skal skje igjen. Han seier seg lei for opptrinnet viss det har verka støytande.


Soknerådsleiar i Valle og Hylestad, Bjørgulv T. Berg meiner radarkontroll ikkje høyrer heime på vigsla jord, skriv altså Setesdølen i dag.

– Det syns eg er veldig spesielt at ein gjeng inn på vigsla jord og brukar det som ein plass for denslags uppdrag, sier Bjørgulv T. Berg. Det syns eg er dumt og lite gjennomtenkt, seier Berg.