Hopp til innhold

Kvinne stal og krasja drosje i Kristiansand

Ein drosjesjåfør vart overfallen og fråstolen bilen av ei kvinne som krasja bilen kort tid etter. Taxi Sør ser alvorleg på saka.

Ein drosjesjåfør vart overfallen og fråstolen taxien sin av ei kvinne. Det enda med kollisjon og fleire skader.

Ein drosjesjåfør vart overfallen og fråstolen taxien sin av ei kvinne. Det enda med kollisjon og fleire skader.

– Eg har vore i kontakt med arbeidsgjevar og sjåføren, og dei var litt oppskjørta.

Det fortel dagleg leder i Taxi Sør, Janne Merete Ring Andersen.

Natt til laurdag blei ein drosjesjåfør overfalle av ei kvinne i 20-åra. Ho stakk deretter av med bilen og krasja den fleire stader på Grim i Kristiansand.

Drosjen har fått store skader etter nattas noko uvanlege køyretur.

– Alvorleg

Taxisjåføren har vore på legevakta og skal ikkje vere alvorleg skadd.

– Han har nokon skader i ansiktet, i tillegg til det psykiske sjølvsagt, med å bli overfalle, seier Ring Andersen.

Ho fortel at ho ventar på ein telefon frå taxisjåføren sjølv for å høyra meir om kva som har skjedd og at politiet førebels ikkje vil sei noko før dei har fått avhøyrd kvinna.

Ho fortel at dei akkurat har bytta ut taksameter-utstyret, som også har alarmknapp, i alle biler i førre veke.

– Det er veldig alvorleg dette. Du er litt sårbar i ein drosje, fordi du sit litt ubeskytta i bilen. Vi har alarmknapp i alle biler, men den blei ikkje løyst ut i natt og eg veit ikkje grunnen til det, men det må eg finna ut av.

På grunn av at drosjene har GPS-sporing i bilen, kunne selskapet hjelpe politiet i å raskt spora opp kvinna.

Kapret taxi Grim

Kvinna trefte fleire gjerde på Grim då ho kapra ei drosje natt til laurdag.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Sparka politimann

Politiet i Agder blei varsla av drosjesjåføren 01.27 natt til laurdag.

– Kort tid etter vart bilen funne ved Christianssand Bryggeri, der bilen hadde blitt køyrd inn i ein av køyreportane, seier operasjonsleiar Eyvind Formo i Agder politidistrikt til NRK.

Rundt eit kvarter seinare fekk politiet vitneobservasjonar om kvinna og fekk arrestert ho. Politiet mistenker kvinna for å først ha køyrd i eit gjerde ved Grim torv, før ferda enda ved bryggeriet.

– Då politiet tok kontakt med kvinna, sparka ho til ein politimann, og ho blei då meld for vald mot offentleg tenestemann, seier Formo.

Som om ikkje det var nok, hadde ho også knust vindauge på ein privat adresse i Frobusdalen før ho vart arrestert.

Kvinna er vidare mistenkt for å ha køyrd i påverka tilstand og utan gyldig førarkort.

Drosjesjåføren er lettare skadd og er avhøyrt av politiet. Politimannen går det fint med.

Christianssands bryggeri port

Porten til Christianssands Bryggeri har fått hard medfart.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK
Drosjetjuvens ferd

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %