Hopp til innhold

Kvinne kutta hol i dekka til minst ni bilar

Politiet rykte ut til ei melding om ei kvinne som gjekk rundt og kutta hol i dekka til parkerte bilar i Kristiansand sentrum.

Bilar kutta hol i, Kristiansand

Her er ein av bilane som har fått dekka punktert etter at ein person gjekk rundt og kutta hol i dekk.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Politiet har fått kontroll på ei kvinne som har vorte arrestert.

Det skal vere snakk om minst ni bilar, ifølgje Agder politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 03.30 natt til torsdag.

– Melder hadde observert at personen kutta hol i dekket hans og følgde etter vedkommande. Politiet fekk raskt kontroll på personen, seier operasjonsleiar Tom Einar Gausdal til NTB.

Det er også gjort hærverk utanfor ein utestad i den same gata.

Fleire blomsterpotter er velte. Det er ikkje klart om dette har samanheng med bilhærverket.

Punktert dekk Kristiansand

Tydelege spor i dekket.

Hol i bildekk i Kristiansand
Hærverk utanfor Skagen i Kristiansand

Hærverk i den same gata.