NRK Meny
Normal

Kurtovic til motstandar: – Bullshit!

ØIF Arendal har som mål å vinne både sluttspelet og cupen denne sesongen. ØIF-trenar Marinko Kurtovic held likevel på Drammen som storfavoritt.

Marinko Kurtovic

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic meiner at Drammen bør vinne på grunn av spelarane dei har henta før årets sesong.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Marinko Kurtovic

ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix
Renè Hamann-Boeriths

Drammen-trenar Renè Hamann-Boeriths.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Måndag føremiddag var alle eliteserieklubbane samla til kick-off på Ullevaal stadion.

Der tippa Drammen-trenar Renè Hamann-Boeriths sitt eige lag midt på tabellen. Det fekk ØIF-trenar Marinko Kurtovic til å reagere.

– Drammen seier dei siktar mot topp fem. Det er bullshit. Når du hentar Kjelling og Løke ligg vi andre eigentleg langt etter, sa Kurtovic til latter i salen.

Kurtovic har tidlegare vore trenar i nettopp Drammen.

ØIF jaktar to gull

Drammen har nemleg styrka laget med både Kristian Kjelling og Frank Løke. Kjelling er riktignok ute med skade og er truleg ikkje speleklar før over nyttår.

ØIF Arendal har som mål å vinne sluttspelet og cupen. I serien er målet å bli blant dei fire beste. Kurtovic har likevel tru på at eige lag kan gå heilt til topps for andre året på rad.

– Vi er sjølvsagt på jakt etter titlar. Det er dumt å ikkje vere det når det er det ein trenar og jobbar for kvar dag, sa ØIF-trenaren.

Førre sesong imponerte arendalittane stort. Klubben vann både serie og cup, men rauk ut av sluttspelet i kvartfinalen. Denne sesongen jaktar dei nye titlar.

Målet er altså gull i både sluttspel og cup. I serien er målet å bli blant dei fire beste.

Håndball kick-off 2015

Spelarar frå alle eliteserieklubbane deltok på kick-off på Ullevaal stadion måndag føremiddag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Siktar mot Meisterligaen

– Måla er omtrent dei same som i fjor, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

– Nokon vil kanskje seie at topp fire i serien er litt defensivt?

– Eg er vel einig i det. Men vi veit at det vert tøft og det vil stå om få poeng. Vi trur medalje er veldig realistisk, men å gjenta det vi gjorde i fjor med to titlar kan bli vanskeleg, seier Michelsen.

Per Carsten Michelsen

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Michelsen understrekar at det er avgjerande at nøkkelspelarane held seg skadefri gjennom heile sesongen for å gå til topps.

Årsaka til at klubben har peika ut sluttspelet som eit hovudmål er at vinnaren får spele i Meisterligaen året etter.

– Å spele i Meisterligaen er eit soleklart mål for ØIF Arendal, seier Michelsen.

Tøff konkurranse

Før denne sesongen fekk klubben tilbod om ein ekstraplass i Meisterligaen, men valde å takke nei fordi dei meinte at den økonomiske risikoen vart for stor.

– Det blir jo dei same utfordringane om vi kvalifiserer oss neste år. Men når du kvalifisererer deg automatisk er det ein del krav som fell bort. Når du får tilbod om ein ekstraplass må du mellom anna stille garantiar, som dei som er direkte kvalifisert ikkje treng, seier han.

Michelsen trur fjorårets sølvvinnar Bodø, Haslum og Elverum vert dei tøffaste konkurrentane om medaljane.

I tillegg nemner han Drammen som mellom anna har styrka stallen med Frank Løke og Kristian Kjelling. Kjelling er riktignok ute med skade og truleg ikkje speleklar før over nyttår.

ØIF opnar sesongen onsdag med heimekamp mot Stord.

Per Carsten Michelsen

Sjå intervju med sportsleg leiar Per Carsten Michelsen og kantspelar Magnus Jøndal.