– Jørgensen betydde utruleg mykje for oss i forsvar. Det vil ta tid før forsvaret vårt fungerer optimalt denne sesongen. Vi har prøvd ulike forsvarssystem i oppkøyringa. Vi får sjå kva vi brukar i sesongopninga, seier Kurtovic til NRK.
Jørgensen Hofstøl var ein av klubben sine viktigaste spelarar då laget tok gull i både serie og cup førre sesong.
Etter sesongslutt kom beskjeden om at han hadde bestemt seg for å legge opp.
Meiner laget er styrka i angrep
I tillegg har den regjerande seriemeisteren mista Marcus Dahlin.
Klubben har erstatta dei to med Robert Markotic frå Kroatia og danske Lars Jakobsen som spelte i Halden førre sesong.
Kurtovic meiner at denne duoen vil styrke laget i angrep.
– Der er vi eitt eller to knepp kvassare. Angrepsspelet vil bli litt annleis denne sesongen. Publikum får nok ikkje sjå den raske handballen vi stod for i fjor, men meir taktisk handball fordi vi har fått så gode bakspelarar, seier trenaren.
– Markotic treng tid
25 år gamle Markotic har mellom anna erfaring frå Meisterligaen, men held på å restituere seg etter ein alvorleg skade.
– Han treng nok litt tid før han er på topp. Men Robert har noko som Marcus Dahlin ikkje hadde. Han samarbeider betre med strekspelar, har eit fantastisk skot. Han er ein komplett spelar, seier Kurtovic.
– Lars er også ein komplett spelar som nesten er to meter lang. Han kan lage mål frå 11–12 meter, er veldig eksplosiv og rask. Han er farleg i alle posisjonar på bana, seier ØIF-trenaren.