Hopp til innhold

Kunst frå Kristiansand i ny NRK-serie

Tekstilkunstnar Ann Rasmussen frå Kristiansand speler ei indirekte rolle i NRK si nye storsatsing «Makta».

En kvinne i rød skjorte og brunt kort hår sitter på enden av et langt kontorbord. Langs begge sider av bordet sitter seks menn i dress og ser på henne. Kvinnen ser rett frem.

Ann Rasmussens tekstilverk Mot lyset (1993) dannar bakteppet for promoplakaten til NRKs nye serie om Gro Harlem Brundtland, Makta. Verket vart opphavleg laget til Kristiansand sjukepleiarskule på oppdrag frå KORO.

Foto: Erika Hebbert / Motlys/Novemberfilm/NRK

– Eg ante ingenting! Men for ei stund sida fekk eg ei førespurnad om å godkjenne at teppet blei vist på ein plakat i Cannes. Da skjønte eg lite, ler kunster Ann Rasmussen.

Serien om Gro Harlem Brundtland har premiere på NRK søndag 29. oktober og skildrar livet hennar på veg mot å bli Noreg sin første kvinnelege statsminister.

«Makta» har allereie vunne to prisar under den internasjonale seriefestivalen i Cannes og er nominert til Prix Europa.

I den nye serien dukkar det også opp eit kunstverk frå Sørlandet.

– Eg laga det for 100 år sidan, ler Rasmussen.

Tekstilverket «Mot lyset» frå 1993 prydar både plakaten til serien og blir også å sjå i fleire av episodane. Teppet heng nemleg på det som er statsministeren sitt møterom, i serien.

"Mot lyset" av Ann Rasmussen
Foto: Skjermdump fra KORO, Kjartan Bjelland. / KORO

– Kunstverka er som barna mine

Rasmussen bur i Kristiansand og har ein lang kunstnarkarriere bak seg. No driv ho for det meste med broderi.

Teppet som får nytt liv i NRK si storsatsing, lagde ho på oppdrag frå KORO.

Det var opphavleg i fem delar og hang på den tidlegare sjukepleiarskolen i Kristiansand.

– Kunstverka er som barna mine, dei lever sine eigne liv. Og no har det eine altså vore i både Cannes og skal snart spele ein rolle i TV-serie. Det er eg nøgd med!

Ann Rasmussen
Foto: Lise Skogstad

Henta på kunstlager

Teppet har vore lagra på KORO sitt kunstlager.

Da jobben med å finne rekvisittane til serien starta, blei det tidleg klart at rekvisitør for «Makta», Christine Bozenski, måtte leite stader utanom det vanlege for å skape den naudsynte atmosfæren i serien.

Kathrine Thorborg Johansen (som Gro Harlem Brundtland) og Jan Gunnar Røise (som Reiulf Steen) sitter foran på et langbord og kikker opp mot det man kan anta er en scene. På bordet er røde AP-roser i glassvaser og en ellers folksom sal med folk som alle kikker forventningsfullt opp mot scenen.

Serien om Gro Harlem Brundtland «Makta» har allereie vunne to prisar under den internasjonale seriefestivalen i Cannes.

Foto: Erika Hebbert / Motlys/Novemberfilm/NRK

– Da vi skulle lage kontoret til statsministeren kunne vi ikkje leite på loppemarknad slik vi ofte gjer, vi måtte opp eit nivå.

– Teppet er eit nydeleg verk, seier ho til KORO, som først omtalte saka.

Rekvisitøren fortel at kunstverket vil bli betydeleg eksponert i serien.

– Det er mange scener herfrå, så det kjem til å få mykje merksemd, seier Bozenski.

Serien Makta

NRK-serien «Makta» er basert på «sanning, løgn og dårleg minne» og har premiere 29. oktober.

Til utlån

Vi har ingen konkrete planar med verket framover anna enn at vi ynskjer å få det utplassert.

Det seier Fredrik Qvale som er konservator hos KORO.

Her vert hundrevis av kunstverk lagra, som statlege eller offentlege verksemd kan søke om å få låne.

– Vi har hatt fleire førespurnader om dette verket frå våre kuratorar, men det er stort og har ikkje alltid passa inn. Tekstil er alltid utsett for lys og sidan dette verket er i så god stand, med klare og sterke fargar, ynskjer vi at vi får ei plassering der det ikkje er for mykje lys, men likevel blir sett av mange.

Fredrik Qvale, konservator NKF-N og KORO

Fredrik Qvale som er konservator hos KORO og seier at verket kan lånast ut, men at det er stort og sensitivt for lys-eksponering.

Foto: KORO

Vil sjå på serien

Når serien har premiere søndag 29. oktober vil Ann Rasmussen i Kristiansand følgje spent med.

– Ja, eg må jo sjå på serien. Eg hugsar jo godt korleis Gro (Harlem Brundtland) fyrst vart miljøminister før ho etter kvart vart Noregs fyrste kvinnelege statsminister. Hennar disputtar med til dømes Kåre Willoch var svært underhaldande, minnast ho.

Og no er Rasmussen også ein del av Brundtland sitt univers.

– Eg er veldig stolt!

Postkasseutvalget i Makta

Teppet til Rasmussen er med i fleire scener i serien.

Foto: NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %