Mora til mannen som blei drepen, reagerer sterkt på innsamlingsaksjonen.
Annonse i Dagbladet
Laurdag sto ein annonse i Dagbladet som oppmoda folk om å gje pengar for å dekke erstatningskravet på 187.000 kroner.
I annonsen blei hendinga, der ein mann mista livet, skildra som ein redningsaksjon. Det er og opplista eit kontonummer til villige gjevarar.
Melding til politiet
Mor til den avdøde, Ronny Halvorsen, vil no at politiet tek tak i saka.
- Om ikkje politiet tek tak i saka sjølv, kjem eg til å melde aksjonistane for å få ei etterforskning, seier Halvorsen til NRK Sørlandet.
Dømd til fengsel
Rett før jul i 2003 skjedde hendinga mannen blei dømd for. 25-åringen hevda han skaut fordi biltjuven var i ferd med å køyre ned faren hans.
Aust-Agder Tingrett meinte det ikkje var snakk om naudrett og dømde 25-åringen til ett år i fengsel.