Hopp til innhold

Kristiansand må førebue seg på skattesvikt

Kristiansand kommune må førebue seg på skattesvikt når arbeidsløysa aukar, meiner økonomidirektør. Han reknar med at effekten av permitteringar og oppsigelser i leverandørindustrien i distriktet vil slå ut for fullt neste år.

OLJE OSEBERGFELTET

Neste år vil Kristiansand kommune merke effekten av oljebremsen, meiner økonomidirektør Terje Fjellvang

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Dette vil igjen føre til lågare skatteinngang enn i resten av kommune-Noreg, seier økonomidirektør i Kristiansand Terje Fjellvang. Han arbeidar for augneblinken med budsjettet for neste år, og forsøker å gjere nokre anslag for kva det vil ha å seie for Kristiansand kommune.

– Det er ingen tvil om at vi får ein svikt i skatteinntekt som er større enn kommune-Noreg elles.

– Kristiansand vil merke det neste år

Dei siste tala frå NAV viste at Kristiansand ved utgangen av august hadde ei arbeidsløyse på 4,2 prosent. Utsiktene for hausten er langt frå lyse, noko som betyr at kommunen må førebue seg på lågare skatteinngang når neste års budsjett skal leggjast fram. Fjellvang fortel at andre kommunar òg merkar konsekvensane av arbeidsløysa. Stavanger har allereie har fått merke effekten av oljebremsen på kommunen sine skatteinntekter.

– Stavanger-regionen har store utfordringar no då dei har hatt ein betydeleg svikt i skatteinntekter. Vi ser for oss at Kristiansand-regionen merkar det neste år.

Forventar ei auke

Fylkesdirektør i NAV i Vest-Agder, Elisabeth Blørstad, fortel at også dei forventar ei auke i arbeidsløysa utover hausten.

– Det har vore ei stadig auke, og normalt ville vi tenkt at i løpet av dei komande månadene så ville arbeidsløysa gått ned. Men tvert i mot så ventar vi ei auke.

Elisabeth Blørstad

Fylkesdirektør i NAV i Vest-Agder, Elisabeth Blørstad, fortel at dei normalt ikkje ville venta ei auke dei komande månadene.

Foto: NAV

Treng ikkje kutte i budsjettet

Fjellvang trur ikkje det blir naudsynt å kutte i budsjettet på grunn av skattesvikten.

– Det svekkjer jo inntektsforutsetningane noko, men inntektssystemet i Noreg er slik at viss ein får ein spesiell skattesvikt i ein region, så er det utjamningsordningar som inneber at det blir kompensert 60 prosent av den svikten. Det vil avdempe situasjonen ein god del, men det er klart at det vil gjere det noko vanskelegare for oss å få budsjettet til å gå opp.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %