Hopp til innhold

Kraftig nedbør fyller magasina: – Unngår truleg dei høgste straumprisane

Uvanleg mykje nedbør den siste veka gjer at fyllingsgraden i vassmagasina har auka kraftig. Det kan bety langt lågare prisar i vinter enn frykta.

Olav Botnen

Olav Botnen er senioranalytikar i analysesystemet Volue Insight. Han meiner kraftig auke i fyllingsgraden den siste tida gir håp om billegare straum enn frykta i vinter.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

– Det ser ut som vi slepp unna dei høgste prisane vi såg føre oss for to-tre månader sidan. At vi får hyggelegare prisar og at det held seg gjennom resten av vinteren, viss vi ikkje er uheldige og går på ei kuldebølgje, seier Olav Botnen som er senioranalytikar i Volue Insight.

I ein normalsituasjon skulle fyllingsgraden ha gått ned på denne tida av året.

Det har ikkje skjedd.

– Årsaka er at fyringssesongen skulle ha vore i gang. Men den har ikkje starta. Difor har vi hatt lite forbruk dei siste vekene. Samstundes har nedbøren komme i form av regn og ikkje snø, seier Botnen.

Stor auke siste veka

Onsdag publiserer NVE ferske tal på fyllingsgraden.

Men NRK har sett utrekningar som viser at fyllingsgraden har auka betrakteleg den siste veka.

I region NO2 på Sørlandet har fyllingsgraden auka med heile fire prosentpoeng, viser tal frå analyseselskapet Volue Insight. Dei andre regionane skal ha auka meir.

Det er det fleire årsaker til:

  • Det har vore kraftig nedbør.
  • Nedbøren kjem som regn også i fjellet. Normalt hadde det komme som snø på denne årstida.
  • Det har vore mildt, slik at folk brukar mindre straum.

NRK har vore i kontakt med NVE, som ikkje vil kommentere fyllingsgraden før tala vert lagde fram kl. 13 onsdag.

Vannmagasin - fyllingsgrad

Denne grafen viser at det er nær normalsituasjon årstida til å vere i vassmagasina i straumregion NO2, som er Sørlandet.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Trur på betydeleg lågare prisar

– Marknaden venta at vi skulle opp i tre kroner etter nyttår. Men det ser ikkje ut som det blir så høgt prisnivå. Det ser ut til å bli betydeleg lågare etter kvart som fyllingsgraden verkar inn i marknaden og produksjonsplanane for kraftprodusentane slår inn, seier Botnen.

Blåsjø er eit av landets største damanlegg.

Dersom den hadde vore heilt tom ville det ha teke tre år å fylle den opp.

I sommar var der rekordlåg vasstand, men no har alt snudd etter mykje nedbør i haust.

– Vi har stige loddrett oppover dei siste vekene. Vi kryssar nesten normalen, seier Botnen og peikar på grafar som viser utviklinga.

Vannivået i Blåsjø-magasinet ligger 30 meter under høyeste regulerte vanntand.

Slik såg Blåsjø-magasinet ut i sommar. No er vasstanden vesentleg høgre. Blåsjø ligg i Agder og Rogaland.

Foto: Gunnar Morsund

Les også Slik sparer du penger: Strøm

Fabian Kristiansen

Pengar renn forbi

Også i vassdraga er det mykje vatn. Rygene kraftstasjon i Arendal, som i periodar har vore stengd på grunn av låg vassføring, renn over.

Verdiar for over ein halv million kroner i døgnet renn rett forbi, fordi kraftstasjonen ikkje har kapasitet til å ta unna alt.

Fyllingsgraden og vassmengdene i vassdraga kan bli endå høgre i vekene som kjem. Det er nemleg meldt store mengde regn framover.

– Vi byrjar å nærme oss normale forhold, seier Botnen.

I Søraust-, Sørvest- og Vest-Norge blir det ein snittpris for straum på 42,6 øre per kilowattime (kWh) onsdag og ein makspris på 63,7 øre.

Onsdagens snittpris per kWh er 8,4 øre lågare enn tysdag og 40,2 øre lågare enn same dag året før.

Les også Kraftselskap fikk over tusen navneforslag - endte opp med Å

Bente Skretting foreslo navnet Å Energi

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %