– Det mest ufordrande for alle lag er å halde seg skadefri. Er vi det kan vi gå heile vegen i alt, seier kaptein Eirik Heia Pedersen til NRK.
I helga uttrykte trenar Marinko Kurtovic bekymring på grunn av mange skader. I helga hadde laget ni spelarar på skadelista.
Til opningskampen mot Stord onsdag er truleg fleire friskmelde.
– Det ser ut som at dei fleste er klar, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.
Større dosar med trening
Klubben klør seg i hovudet over kva som er årsaka til alle skadene. Mange av spelarane slit med strekkskader.
– Det kan vere mykje rart som gjer det og det er noko vi held på å finne ut av. Vi har ikkje funne heilt ut av det endå, seier Heia Pedersen.
Fjorårets serie- og cupmeister har auka treningsmengdene betrakteleg sidan førre sesong. Det kan vere ei av årsakene til mange skader.
– Vi har trent tøffare i år med meir belastning over tid. Vi har også trent litt anleis, seier han.
– Vi har køyrt dei hardt
Siri Moseng Reiersen som har ansvar for den fysiske treningsbiten seier det er utfordrande for mange av spelarane å få i seg nok næring og kvile.
Årsaka er at spelarane har jobb eller studiar ved sidan av handballsatsinga.
– Vi har køyrt dei hardt i samråd med Marinko Kurtovic. Men dei har hatt lyst til det sjølv også, seier Moseng Reisersen.
– Har det blitt for mykje trening?
– Det har ikkje blitt for mykje trening. Dei har vore veldig flinke. Men vi kunne kanskje ha vore flinkare til å fortelje dei kva dei skal gjere etter trening. Kor mykje mat dei skal ha i seg og diverse slike ting, seier ho.
Håpar på lønn for strevet
No håpar kapteinen at alle blir friskmelde i løpet av dei kommande vekene. Håpet er at hardkøyre skal lønne seg mot slutten av sesongen.
– Vi heldt ikkje heilt inn i fjor. No satsar vi på at det held heile sesongen ut, seier han og peikar på at klubben rauk ut av sluttspelet i kvartfinalen.
Ein annan grunn til tøffare trening er at laget skal ut i kvalifisering til europacup i oktober.
– Det vert mange kampar om vi går vidare til gruppespelet. Då er det viktig at flest mogleg er skadefri, seier Heia Pedersen.
– Bortsett frå alle skadene føler eg at vi er der vi skal vere, seier han.