Hopp til innhold

Kanonval for Omland og Ap

Ap-ordførar i Kvinesdal, Odd Omland, får truleg ny tillit som ordførar i kommunen.

Ordfører Odd Omland i Kvinesdal

Kvinesdal-ordførar Odd Omland (Ap) får truleg gå på ein ny periode som ordførar etter eit godt val.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Partiet oppnådde heile 39,8 prosent av stemmene. Det er 8,7 prosentpoeng meir enn ved førre val. Partiet får to nye representantar og står dermed med 11 den neste perioden.

To nye

Også Høgre gjorde eit godt val i Kvinesdal. Partiet gjekk fram 7,3 prosentpoeng og står med 18,6 prosent etter årets val. Også dei får to nye representantar i kommunestyret og står dermed med fem totalt.

KrF fekk 16,4 prosent, og gjekk marginalt tilbake med 0,1 prosentpoeng frå førre val. Partiet står framleis med sine fem representantar. Senterpartiet gjekk 4,3 prosentpoeng tilbake og enda opp på 6,9 prosent. Partiet misser med ein representant og står att med to i den neste perioden.

Frp vart taparen

Taparen i kommunen vart Framstegspartiet som gjekk tilbake 9,5 prosentpoeng i høve til førre val. Partiet enda på 16 prosent og misser tre representantar. Frp står dermed at med fire i den neste perioden.

Venstre oppnådde 2,3 prosent og får heller ikkje denne gong representantar i kommunestyret i Kvinesdal.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %