Hopp til innhold

Kan ha tapt ein halv million på bensinsvindel

Ein teknisk svikt skal ha ført til at folk kunne tappe bensin frå pumpa utan at det blei registrert. Det kan ha kosta bensinstasjon-eigarane opp mot ein halv million kroner.

Riy Michaelsen, eier Vigeland Drivstoff

Vigeland Drivstoff reknar med at dei har blitt svindla for rundt 500.000 kroner

Foto: Kai Stokkeland / NRK

– Vi har ikkje visst at dette var mogleg, og i teorien skal det ikkje vere det.

Det seier Roy Michaelsen som er medeigar av Vigeland Drivstoff, som driv tankstasjonen i Hestehaven i Lindesnes.

I februar i fjor begynte dei å mistenke at dei vart råka av omfattande svindel, der fleire personar skal ha fylt bensin frå pumpene deira utan å betale.

Avisa Lindesnes skreiv om saka først.

Michaelsen estimerer eit økonomisk tap på nesten ein halv million kroner.

Roy Michaelsen

Ein teknisk svikt i bensinpumpa, gjorde at folk kunne utnytte systemet og skaffe seg gratis bensin, fortel bensinstasjonssjef Roy Michaelsen.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Mistenkeleg moped

Ifølge Michaelsen skal det heile ha starta då nokre ungdommar på ATV og moped ein sein kveld byrja å tappe ut den siste halve desiliteren med bensin som låg igjen i slangane.

– Dei la slangane ned på bakken og fekk ut litt drivstoff. Vi såg at det blei mykje søl på området rundt pumpene og byrja å følgje med på dette, seier han.

Dei fekk etter kvart mistanke om at noko var gale.

– Vi byrja å følgje med på denne mopeden som kom rundt midnatt ganske ofte, og om det kunne vere noko lureri.

Les også Svindla for hundretusener etter å ha lasta ned app

Helge Torsvik, Arendal politistasjon

Då dei hadde ein gjennomgang av tala, såg dei at det forsvann drivstoff som ikkje var registrert.

Til slutt skal ein av ungdommane ha lagt korta på bordet, og innrømt at dei hadde funne ein måte å få ut drivstoff på, utan at det blei registrert.

Men så viste det seg at problemet var langt større enn Michaelsen hadde frykta.

Ti tusen liter forsvunne

I juni og juli skal rundt 10.000 liter bensin ha forsvunne. Dette svarer til rundt 220.000 kroner.

Michaelsen seier ungdomsgjengen har fortalt at dei starta med dette i februar.

– Det forstår vi ikkje. Det er ikkje mogleg at det berre er desse mopedane, som berre klarer å ta rundt tre til fem liter. Her må det vere nokre større tapparar, seier han.

Michaelsen meiner at det må ha vore vaksne som har vore inne og utnytta ein teknisk svikt i pumpene, og at det totalt kan ha vore så mange som 50 personar.

– I ettertid og etterpåklokskapen har vi fått installert overvakingskamera, og vi har fått servicefolk til å gå gjennom korleis dette kunne skje, seier Michaelsen.

Les også Familien fra Mandal rammes av adopsjonsstopp

Hanne-Mari og Kristian Horverak Nordstrand med sønnen.

Meld til politiet

Saka er meld til politiet, fortel Michaelsen.

Han håpar at politiet tek inn ein del av denne mopedgjengen slik at dei kanskje kan få tak i fleire som skal ha vore med på dette.

Agder politidistrikt stadfestar til NRK at dei har fått ei melding.

– Og vi har opplysningar som gjer at det er etterforskingssteg vi kan gjere, seier politistasjonssjef Bernt Mushom på Mandal politistasjon.

Bernt Mushom

Politistasjonssjef Bernt Mushom på Mandal politistasjon.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Vigeland Drivstoff har ikkje fått noko tilbake av pengane dei har tapt.

– Det vi håpar no er at dei som har vore med på dette kjem til oss, og legg korta på bordet. Så kan vi få eit oppgjer med dei, utan at dei blir melde til politiet, seier Michaelsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %