Hopp til innhold

Isblokker tok internett-tilgangen

Rundt 500 kundar er utan internett i Valle og Bykle, etter at isblokker reiv med seg ein fiberkabel i Otra. Feilen er truleg menneskeskapt.

Krypsiv i Otra

KRYPSIV: Isblokker som skulle rive med seg krypsiv i Otra, reiv også med seg fiberkbabelen som forsyner Øvre Setesdal.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Omfanget er førebels ukjent, men vi driv feilsøking med tanke på å få retta feilen, seier dagleg leiar i Agder Breiband, Toralf Nyheim til NRK.no.

Demma opp elva

For rundt ei veke sidan vart elva demma opp for at vatnet skulle fryse til, og feste seg til skadeleg krypsiv. Men då slusene vart opna, reiv isblokkene med seg både krypsiv, og fiberkabel nord for Byglandsfjord.

– Mykje tyder på at det er det som har skjedd, seier Nyheim.

Det er uklart når internettkundane får tilbake nettet. I verste fall kan ski-VM stå i fare.

Feilsøking

– Vi skal gjere det vi kan for å få retta feilen så raskt som mogleg. Vi er i gang med feilsøk, seier han.

– Dette er arbeid som kjem til å gå til vi har løyst problemet. Per no er det ikkje mogleg å seie når vi får retta det. Vi må først vite omfanget og kva alternativ vi har til å få retta feilen, legg han til.

Video 88e673cb-3ec2-4c28-96d6-5e89ebff9916.jpg

VIDEO: Sjå video frå fjerninga av krypsivet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %