Ingen pågripne etter bombetrugsel
Politiet har framleis ikkje pågripe nokon for bombetrugselen mot Vennesla videregående skole. Det var i går kveld at det vart sett fram ein bombetrugsel mot skulen på nettsamfunnet Jodel. Bård Austad i Agder-politiet håpar dei finn ut kven som står bak snart.