Av Eva Sleire, NRK Rogaland
Alf Henrik Christensen frå Arendal har heile tida nekta for at han har noko med Nokas-ranet å gjera. Han har forklart at han var i Stavanger for å kjøpa røyr hos ein skraphandlar som skulle fraktast til ei bedrift i Haugesund der han er medeigar.
Denne forklaringa vart stadfesta av Christensen sin forretningspartnar i retten i dag. Vitnet forklarte at han ei stund før påske hadde bede Christensen koma til Haugesund for å utføra ein sveisejobb, og bede han reisa innom skraphandlaren i Stavanger for å kjøpa nokre spesielle røyr.
Avtalen var at studenten Christensen skulle koma til Haugesund når skulen tok påskeferie, og at han skulle leiga seg ein bil til turen. Han stadfestar også at Christensen ringte ransmorgonen og spurte etter vegen til skraphandlaren, og at han ringte frå skraphandlaren og sa at dei ikkje hadde dei røyra han var ute etter.
Vanleg å sova i bilen
Vitnet fortalte også at det var heilt vanleg for Christensen å sova i bilen. I retten har han forklart at han kom til Stavanger seint søndag kveld, parkerte bilen ved båthavna i Hillevågsvatnet, rulla ut soveposen og la seg til å sova. Neste morgon rusla han seg ein tur før han køyrde og leita etter skraphandlaren. Det har i retten blitt stilt spørsmålsteikn ved at han la seg til å sova i bilen, men Christensen understreka at dette var heilt normalt for han. Det stadfesta hans kollega.
- Han treng ikkje noko luksushotell, forklarte vitnet i retten og fortalte at dei to gang på gang hadde overnatta i sovepose i bilen. Han fortalte også at han berre ein gong hadde fått Christensen til å ta inn på hotel. Det var då kona skulle vera med til Haugesund på hotel.
- Ho nekta å ligga i telt på loftet, fortalte vitnet og lo.
Hadde ofte telefonen av
Eit anna moment som har vore viktig for aktoratet er at Christensen slo av mobiltelefonen sin søndag og slo den ikkje på att før måndag morgon klokka 09.07 då han ringte til kollegaen for å spørja etter vegen til skraphandlaren.
Christensen har forklart dette med at han hadde krangla med kona før han reiste, og ikkje ville fortsetja krangelen. Kollegaen hans forklarte i retten i dag at Christensen ikkje var så flink til å ha mobiltelefonen på, og at han ofte måtte ringa andre i familien for å få Christensen til å slå på telefonen.
- Eg håper han snart kjem og gjer meg ei hand
Påtalemakta har sådd tvil om bedrifta verkeleg trengte dei røyra han hadde med seg til Haugesund og har prøvd å framstilla det som eit bomkjøp. Det avviser kollegaen hans og understrekar at det også var eit godt kjøp.
Han seier at han ikkje merka noko spesielt med Christensen då han kom til Haugesund ransdagen, men ranet var tema. Dei høyrde på radio på jobb og han fortel at dei fleipa med Christensen og spurte han kor han hadde gjort av ransutbyttet. Årsaka til spøken var at han kom frå Stavanger, seier vitnet. Det er tydelegvis eit godt vennskap mellom dei to forretningspartnarane, men dei har ikkje fått treffa kvarandre sidan august i fjor då Christensen vart arrestert.
- Eg håper at han snart kjem og gjer meg ei hand igjen, sa vitnet. Det blir ikkje før jul, repliserte dommar Helge Bjørnestad. Nokas-rettsaka er venta avslutta til jul.