Hopp til innhold

Slik har 17. mai-vêret vore dei siste tiåra

17. mai kan by på alt frå éin meter snø til over 25 varmegrader, viser historiske målingar. I framtida kan vi få meir styrtregn.

Barna i Skistua barnehage ved Frognerseteren lager snømann mens snøen laver ned

Snø på 17. mai har det vore fleire gonger i Oslo. Dette bilete av barn i Skistua barnehage er frå 1999, og teke tre dagar før sjølve nasjonaldagen.

Foto: Erik Johansen / NTB

– I Tromsø har det vore meir enn éin meter snø på 17. mai tre gonger sidan 1920, seier klimaforskar Jostein Mamen hos Meteorologisk institutt.

Han fortel at snørekorden i Tromsø stammar frå vinteren 1996–1997.

På sjølvaste 17. mai var snødjupna heile 134 centimeter.

I Oslo har det vore snø 24 gonger sidan målingane der starta i 1898. Rekorden vart sett i 1908 med 4 centimeter i Nordmarka.

– I byar som Bergen og Kristiansand har det aldri vore snø på 17. mai sidan målingane våre starta på 1920-talet, seier Mamen.

Slik har 17. mai-vêret vore før i fem norske byar:

NRK forklarer

Korleis har 17. mai-vêret vore?

en gruppe mennesker som går i en gate med en folkemengde som ser på
Korleis har 17. mai-vêret vore?

Bergen

  • Gjennomsnittleg maksimumstemperatur: 14, 9 grader
  • Høgste målte temperatur: 24, 7 grader i 1990.
  • Kor ofte meir enn 1 mm regn på dagtid: Det har regna åtte gonger dei siste 30 åra.
  • Flest soltimar: 15, 4 timar i 2004
  • Snø: Det har aldri vore registrert snø på bakken 17. mai.
17. mai i Oslo 2024
Korleis har 17. mai-vêret vore?

Oslo

  • Gjennomsnittleg maksimumstemperatur: 15,9 grader
  • Høgste målte temperatur: 25,7 grader i 1980
  • Kor ofte meir enn 1 mm regn på dagtid: Det har regna sju gonger dei siste 30 åra.
  • Flest soltimar: 15,8 timar i 2022.
  • Snø: På Tryvannshøgda og i Nordmarka har det vore målbar snødjupne 24 gonger sidan 1898. Rekorden er 92 centimeter i Nordmarka i 1908. Sist det var målbar snødjupne 17. mai var på Tryvannshøgda i 1999 (4 cm).
Skoletoget, 17. mai 2022 i Kristiansand
Korleis har 17. mai-vêret vore?

Kristiansand

  • Gjennomsnittleg maksimumstemperatur: 14,9 grader
  • Høgste målte temperatur: 25, 1 grad i 1947.
  • Kor ofte meir enn 1 mm regn på dagtid: Det har regna fire gonger dei siste 30 åra.
  • Flest soltimar: 15,7 timar i 1999.
  • Snø: Det har aldri vore registrert snø på bakken 17. mai.
trondheim-barnetoget
Korleis har 17. mai-vêret vore?

Trondheim

  • Gjennomsnittleg maksimumstemperatur: 13,5 grader
  • Høgste målte temperatur: 24,7 grader i 2013
  • Kor ofte meir enn 1 mm regn på dagtid: Det har regna fem gonger dei siste 30 åra.
  • Flest soltimar: 15,1 timar i 2004
  • Snø: 17. mai 1950 var snødjupna 4 centimeter
Tromsø Orkesterforenings Janitsjarkorps 17. mai 2020.
Korleis har 17. mai-vêret vore?

Tromsø

  • Gjennomsnittleg maksimumstemperatur: 9 grader
  • Høgste målte temperatur: 21, 3 grader i 1947.
  • Kor ofte meir enn 1 mm regn på dagtid: Det har regnet sju gonger dei siste 30 åra.
  • Flest soltimar: 17,9 timar i 2004
  • Snø: Sidan 1920 har det ligge snø i Tromsø på nasjonaldagen 39 gonger. Meir enn 1 meter snø har det vore tre gonger; i 1997 (134 cm), i 1941 (133 cm) og i 2020 (115 cm)

Varm feiring i sør

Nasjonaldagen i år ser ut til å bli av det varmare slaget i Sør-Noreg. Her kan det bli varmt å gå med bunad.

I Oslo er det meldt sol og mellom 12 og 21 grader på nasjonaldagen, medan det i Tromsø blir mellom 4 og 7 grader og overskya, ifølgje meteorologane.

Klimaforskar Mamen tek ein kikk på vêrvarselet for å sjå om nokon risikerer snø på 17. mai i år.

Han sjekkar først Hammerfest.

– Nei, der blir det temperaturar på mellom fire og sju grader, så då er det ikkje fullt så ille.

Så sjekkar han Karasjok.

– Det er ikkje venta nedbør, men kan bli rundt null grader om natta og seks grader på dagtid, seier han.

Les også 17. mai-feiringa hang i ein tynn tråd - nå stiller folk opp

17. mai Flekkefjord

Framtidas 17. mai-vêr

Klimaforskar og leiar av Norsk klimaservicesenter Anita Verpe Dyrrdal fortel at 17. mai vil bli varmare i åra som kjem.

– Sommarsesongen blir forlengd i begge endar. Vi vil få meir av det typiske sommarvêret, for eksempel styrtregn, seier Dyrrdal.

17. mai-tog i Trondheim i regnet

Det vil truleg bli meir regn på 17. mai i åra framover. Bilete er teke i Trondheim 17. mai 2023.

Foto: Joakim Halvorsen / NTB

– Så vi risikerer styrtregn på 17. mai om ein 20 års tid?

– Ja, det gjer vi absolutt. For styrtregnsesongen vil utvide seg saman med sommarsesongen.

– Det er jo ikkje gode nyheiter, men då vil det kanskje også bli mindre snø i Nord-Noreg?

– Ja, den vil reduserast, seier Dyrrdal.

En kvinne med beige genser ser inn i kamara. Hun har blondt, halvlangt hår og står foran noen grønne trær.

Klimaforskar Anita Verpe Dyrrdal seier vi må førebu oss på meir styrtregn i mai framover.

Foto: Privat / NRK

Krevjande med bunad

Klimaforskar Jostein Mamen skal sjølv feire 17. mai i Asker i år.

Der er det i alle fall null fare for snø.

– Der ser det veldig greitt ut vêrmessig, seier han fornøgd.

Jostein Mamen

Klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

Foto: met.no

– Kva tenker du om fasinasjonen vår for 17. mai og vêret?

– Det er ikkje så rart at vi er opptekne av det. Berre tenk på musikkorpsa som må spele i all slags vêr, og at dei som har bunad får det krevjande dersom det blir over 20 grader, seier han.

Hei!

Tenkte du på noe spesielt da du leste denne saken eller har du tips til noe annet jeg bør skrive om? 

Send meg gjerne en e-post! 

Jeg har blant annet skrevet saker om ensomhet, Glorija (24) som var i en tøff jentegjeng, hvordan du kan redde privatøkonomien og landets blideste bussjåfør.

Les også Kritiserer 17. mai-tilbud: – Hvis alt er på salg, er ingenting på salg

Butikken Feel med salg på 17. mai-varer

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste
en mann som sitter ved et bord

Ti siktet etter ransbølgen: Politiet utelukker ikke flere pågripelser

Arendal

Droner observert over Arendal sentrum – politiet etterforsker