Hopp til innhold

Grev fram 200 år gammal park: – Ei stoltheit for Lillesand

For over 200 år sidan vart det bygd ein landskapsspark ved Møglestu Hovedgård. No blir han greve fram igjen.

Dette er kulturarv som det er viktig å ta vare på. Ikkje berre for meg, men for Lillesand, er det viktig å få tilbake parken som den var. Det er ei stoltheit!

Det fortel Kari Tveranger, som voks opp på området der Møglestu Hovedgård står.

– Den gamle leikeparken min var her. At eg kjem tilbake hit og får sjå dette gir meg frysningar, seier ho.

No er ho eigar av garden, og har sett i gang arbeidet med å få parken restaurert.

Garden har stått tom over lang tid. Eg synest det var viktig å få liv og røre tilbake. Det er ein fantastisk plass, som trengst å bli vareteke og brukast, seier Tveranger.

Møglestu park anno 1815 graves frem

Kari Tveranger er tilbake i parken der ho leika som barn, som no blir restaurert i engelsk parkstil.

Foto: Line Oftedal Pedersen

Sørlandets eldste?

For på Møglestu ligg truleg ein av Sørlandets eldste parkar.

Det meiner Bjørn Anders Fredriksen, som forskar på parkgjenvinning ved NMBU.

Parken er nemleg over 200 år gammal.

Mange av dei andre historiske parkane vi kjenner godt på Sørlandet, som Myren Gård og Ravndalen i Kristiansand, er frå 1860-1880-talet. Denne er frå tidleg på 1800-talet, så det er spesielt at han er bevart, seier Fredriksen, og legg til at:

Parken er viktig i nasjonal samanheng for norsk hagehistorie. Det er få parkar frå den tida vi veit mykje om.

Møglestu Hovedgård

Parken ligg ved Møglestu Hovedgård i Lillesand.

Foto: Line Oftedal Pedersen

Eit ambisiøst anlegg

Parken på Møglestu blir datert tilbake til 1815, og er kategorisert som ein engelsk park.

Engelsk landskapsstil er ei stilretning i hagekunsten som har opphav i England på 1700-talet.

Stilen blir kjenneteikna som ein frodig landskapshage med rikeleg grøn vegetasjon, dammar og paviljongar og skulpturar som blikkfang.

Les også Kritisk til nytt bygg: – Ein ruvande boks

Glitre Nett skal bygge ny trafostasjon

Fredriksen fortel at det truleg er ein dansk kunstgartnar, som var landskapsarkitekt på den tida, som har teikna garden.

Det er sjeldan at fagfolk har teikna anlegg i Noreg på den tida, seier han om det ambisiøse anlegget til parken.

I dette skogholtet i Lillesand bygde ein reiarfamilie ein landskapsspark i 1815

Men parken grodde igjen, og forsvann, på 1900-talet.

No er planen at parken skal attskapast så godt som mogleg slik den ein gong var, med vatn, ein fiskedam, promenadevegar og lysthus.

Opnar neste år

Eg er genuint interessert i å få tilbake korleis det var her på 1800-talet, seier Tveranger.

Fredriksen kan fortelje at arbeidet så langt har gått betre enn venta.

Vi har vore veldig heldig denne veka, og funne mykje meir enn vi hadde trudd. Vi har berre kjent området frå skriftlege kjelder med lite spor og kart, men vi fann ein del spor i terrenget etter stiar.

Les også Skigymnaset treng nye bygg: – Gamle og utslite

Hovden Skigymnas

Han forklarer at desse er reinsa fram. No blir det jobba med å finne ut av korleis ein bevega seg gjennom parken.

Det var veldig viktig på den tida, nemleg kva rekkjefølgje ein kom seg til dei ulike stadene i parken.

Etter ei vekes tid med registrering av parkområdet, skal det utarbeidast ein restaureringsplan.

Saman med Tveranger håpar han at parken står klar til opning i 2024.

Her er eit kjempepotensial for Lillesand, med ein stad som folk vil reise til. Det blir kjempefint!

Bjørn Anders Fredriksen under utgravinger i Møglestu Park

Bjørn Anders Fredriksen er forskar på parkgjenvinning, og bidreg til utgravinga av Møglestu Park.

Foto: Line Oftedal Pedersen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %