Hopp til innhold

Kritisk til nytt bygg: – Ein ruvande boks

Glitre Nett skal byggje ein ny transformatorstasjon i eit område med ærverdig arkitektur. Det vekkjer reaksjonar.

Glitre Nett skal bygge ny trafostasjon

Her skal Glitre Nett byggje ein ny trafostasjon. Arkitekturopprøret i Kristiansand reagerer på utforminga.

Foto: Glitre Energi

– Det går fint å lage ein fasade som passar betre med arkitekturen i området og som er tilpassa staden.

Det seier André Seljestad Knudsen. Han er leiar i Arkitekturopprøret i Kristiansand.

Han ønskjer at den nye transformatorstasjonen som skal byggjast i Vestre Strandgate skal passe betre inn med omgivnadene.

– Etter kvart opnar det opp ein mathall i området òg. Håpet er jo at det skal vere sosialt og triveleg. Det å ha ein svær teglboks som ruvar vil mest sannsynleg øydeleggje for området rundt, meiner Seljestad.

Krav til utforming

Det er Glitre Nett som har ansvar for transformatorstasjonen som skal byggjast i Vestre Strandgate, like ved Tollboden.

Byggeprosjekt Vestre Strandgate, Kristiansand

Like bak desse murbygningane skal den nye trafostasjonen byggjast.

Foto: Kristin Olsen / NRK

– Utforminga av eit slikt bygg har ein del krav, og det er lagt ein del føringar frå NVE. På grunn av innhaldet i bygget vil det skilje seg ut frå dei andre bygningane i området.

Det seier Nils Tore Augland, kommunikasjonssjef i Glitre Nett.

Han seier vidare at dei likevel har prøvd å ta omsyn til omgivnadene.

– Vi har lagt vekt på at fasaden skal spelast så godt som mogleg opp mot dei eksisterande bygga i området, og gi dei høge veggane eit roleg uttrykk.

Også Kristiansand kommune har vore involvert i utarbeidinga av bygget.

Byggeprosjekt Vestre Strandgate, Kristiansand

Byggearbeidet er godt i gang på staden.

Foto: Kristin Olsen / NRK

Peikar på Trondheim

Likevel meiner André Seljestad Knudsen i Arkitekturopprøret at det er mogleg å få transformatorstasjonen til å passe betre inn.

– I Trondheim finst det transformasjonsstasjonar bygd i mur. Dei er store og fine, og dei gjer akkurat den same oppgåva, seier Knudsen.

Knudsen meiner det er viktig å skilje mellom moderne og modernistiske bygg.

Han understrekar at eit bygg kan vere moderne utan å ha ein modernistisk stil.

– Moderne er jo ikkje nødvendigvis at det skal vere ein firkanta kloss. Det handlar om at standarden lever opp til krava i 2023.

Han er oppteken av at stilen til arkitekturen ikkje bør avgjerast av nokre få, men at folket si meining også bør bli høyrd i slike samanhengar.

– Folk vil ha estetisk vakker arkitektur rundt seg. Dersom nokre få skal bestemme kva som er arkitektur for vår tid er det udemokratisk.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %