Hopp til innhold

Glad for å sleppe stempel som «kvinneversting»

Dei siste fire åra har Hægebostad fått kritikk for at dei kun har hatt ei kvinne i kommunestyret. Det blir det truleg slutt på no.

Ånen Werdal

Ånen Werdal er glad for at fleire kvinner har komme inn i kommunestyret i den neste perioden. Til høgre i bilete ser du Britt Tove Stokke som var den einaste kvinna i kommunestyret i førre periode. (Arkivofoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

Valglogo

– Det har vore ei belasting for kommunen å ha berre ei kvinne i kommunestyret. Difor er dette eit gledeleg resultat, seier ordførar Ånen Werdal (H) til NRK.

Ved årets kommuneval kom det inn fem kvinner i kommunestyret.

Det betyr at 5 av 15 representantar er kvinner i den neste perioden.

– Gledeleg

I det sittande kommunestyret er Britt Tove Stokke (H) den einaste kvinna. Ho har bestemt seg for å gå ut av politikken, men er glad for at fleire kvinner har komme inn.

Britt Tove Stokke

Britt Tove Stokke (H) var den einaste kvinna i kommunestyret i Hægebostad i førre periode. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ho er på tur då NRK ringer og har knapt med tid til å prate.

– Eg gir meg, men det er bra for kommunen at det kjem inn fleire kommuner. Det er kjekt å sjå at arbeidet som har vore gjort har resultert i fleire kvinner, seier ho.

Ordføraren i kommunen såg seg nøydd til å gjere grep då kun ei kvinne kom inn ved førre val.

– Vi har jobba for å få kvinner til å stille på lister. I tillegg har kvinnene som har stått på lister vore aktive og fortalt veljarane at dei gjerne vil gjere ein jobb som politikarar. Det trur eg gjorde utslaget, seier han.

Trur på positive reaksjonar

Werdal vedgår at det ikkje var kjekt den negative merksemda som følgde med den låge kvinnedelen både i lokal- og riksmedia.

– Eg tykkjer det var litt einspora frå ein del journalistar. Dei fokuserte kun på den eine kvinna i kommunestyret. Eg er meir oppteken av likestilling på andre frontar også. Det har vore litt snevert og litt belastande at det kun har vore fokusert på den eine kvinna, seier han.

– Men no trur eg vi kan få litt positive reaksjonar frå både lokal- og riksmedia, ler han.

Det er framleis ikkje klart kven som blir ordførar i kommunen. Det blir truleg ikkje klart før førstkommande måndag.

Kan bli kvinneleg ordførar

Lister24 har tidlegare spekulert i om Margrethe Handeland (Sp) kan bli den nye ordføraren. Ho fekk flest kumuleringar og slengjarar i årets val. Nummer to på lista var sitjande ordførar Ånen Werdal.

– Ein del parti har ikkje hatt samtaler endå. Eg er budd og har lyst til å gå på ein periode til, seier han.

NRK har ikkje lukkast med å kommei kontakt med Handeland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %