Hopp til innhold

Einaste kvinne i kommunestyret

I Hægebostad kommune i Vest-Agder er det berre ei (!) kvinne i kommunestyret dei neste fire åra, trass i det er fleire kvinner i menn i kommunen. I Lavangen i Troms er det derimot kvinnene som regjerer.

Britt Tove Stokke

UNDERTAL: Britt Tove Stokke kunne hatt god bruk for sverda i kommunevåpenet for å nå gjennom med argumenta i det mannsdominerte kommunestyret i Hægebostad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Hjelp, korleis skal dette gå tenkte eg då eg fekk vite om det, seier Britt Tove Stokke (H) til NRK.no.

På valnatta sat ho benka føre TV og følgde med på valsendingane. Etter kvart fekk ho fleire SMS-ar som antyda at ho kom til å bli den einaste kvinna i kommunestyret. Seint på kvelden fekk ho stadfesta at ho faktisk kom inn.

– Eg sov greitt, men eg har tenkt mykje på det i ettertid. Det er spesielt, og litt flaut at vi ikkje er fleire kvinner, seier ho.

– Skummelt

Ho sa ja til å stille på lista til Høgre, men hadde aldri sett føre seg å komme inn i kommunestyret til kommunen med kring 1600 innbyggjarar. Ho hadde i alle fall ikkje sett føre seg at ho kom til å bli den einaste kvinna. Der skal den ferske politikaren debattere mot 20 andre representantar. Alle er menn.

Ånen Werdal

FLAU: Påtroppande ordførar Ånen Werdal likar dårleg at berre ei kvinne er valt inn i kommunestyret.

– Det er klart det blir spesielt og litt skummelt. Men eg må jo berre prøve å gjere det beste ut av det og sjå korleis det går, seier ho.

– Kjem du til å vere redd for å ta ordet?

– Ja, eg gjer nok det. Eg er nok ikkje den som seier mest. Men eg blir nok varm i trøya etter kvart, seier ho.

Dersom Stokke ikkje kan møte i kommunestyret må ein vararepresentant steppe inn. Kanskje ikkje overraskande: også det er ein mann!

– Dette er så dårleg som det kan få blitt. Det er rett og slett flaut. Men det er vanskeleg å få folk til å stå på listene generelt, spesielt kvinner. Vi slit i Høgre og dei slit i dei andre partia, seier påtroppande ordførar Ånen Werdal.

Britt Tove Stokke

EINASTE KVINNE: Britt Tove Stokke vedgår at det blir litt skummelt på dei første møta saman med 20 menn.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kvinnene regjerer i nord

Lenger nord i landet er situasjonen ein heilt annan. I Lavangen i Troms er det nemleg mennene som er i mindretal. Heile 10 av 15 representantar er kvinner. Den store valvinnaren vart Hege Beate Myrseth Rollmoen (Ap), som til og med sanka flest personstemmer.

– Eg vart veldig forferda og hadde ikkje venta det. Eg er ganske ny i politikken og fekk litt bakoversveis då eg såg resultatet, seier ho.

– Kva har du gjort for å bli så populær?

Hege Beate Mŧrseth Rollmoen

VINNAR: Hege Beate Myrseth Rollmoen fekk flest personstemmer i Lavangen kom

Foto: Privat

– Eg er kanskje ikkje rett person å svare på det, men eg har kanskje vore veldig synleg i valkampen. Eg har bakgrunn frå fagrørsla der eg har jobba ganske aktivt, seier ho.

Myrseth Rollmoen fortel at fleire av kvinnene i kommunen har vore godt synlege i lokalmedia gjennom valkampen.

– Eg tykkjer det flott at kvinnfolka torer å stå på lista. Det er kanskje ikkje så enkelt å seie ja til det, seier ho.

– Kvifor det?

– Du blir jo ein offentleg person. Difor kan det vere vanskeleg å ta rolla som folkevald. Vi kvinnfolk er kanskje litt meir bevisst på at vi skal kunne dei tinga vi gjer. Ikkje noko skal vere overlate til tilfeldigheitene. Ein må setje seg inn i ting, og det krev ein god del, seier ho.

4,8 prosent kvinner

Viktor Andberg har vore ordførar i Lavangen dei fire siste åra. Han er glad for at kvinnene dominerer kommunestyret den neste perioden.

– Det handlar om det politiske engasjementet som er unikt i kommunen. Det er også eit generasjonsskifte i kommunen der kvinnene tek tak politisk og mennene er på sidelinja. Det er eit nytt fenomen i vår kommune, seier han til NRK.no.

– Eg tykkjer det er veldig flott at vi har så mange kvinner i kommunestyret. Kanskje det vil styrke vår kommune totalt sett, seier han.

I Lavangen er altså kvinnedelen 66,6 prosent. I Hægebostad er kvinnedelen 4,8 prosent.

– Eg blir forferda når eg tenkjer på vårt eige resultat. Men eg kjenner jo ikkje til kvifor det er slik i Hægebostad. Dei har kanskje nokre veldig populære menn, ler Myrseth Rollmoen.

Her er kvinnene i fleirtal

Det er ikkje berre Lavangen som har gode resultat å vise til når det gjeld talet på kvinner. I Øygarden kommune i Hordaland er 12 av 23 representantar kvinner. Kommunen er ein av 22 norske kommunar som er med i prosjektet «Kvinner i regionalpolitikken», som er sett i gang av Kommunal- og regionaldepartementet, for å få fleire kvinner politisk engasjert.

Aud Karin Oen

FLEIRE KVINNER: Aud Karin Oen jobbar for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken.

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål

– Vi hadde fire kvinner i kommunestyret då vi søkte om å få vera med i prosjektet. I 2007 auka vi til åtte og no til tolv, seier Aud Karin Oen som leiar prosjektet i Øygarden kommune.

Som ein del av prosjektet har dei gjennomført ulike kurs retta mot kvinner, som blant anna har tatt opp hersketeknikkar og medietrening. I tillegg har ein lagt forholda til rette for barnepass og møte på dagtid.

– Det har og vore sett i verk fleire tiltak for å løfta fram kvinnene i nominasjonsprosessen og opp mot valdagen, opplyser Oen.

Gaular, Aurland og Balestrand kommunar i Sogn og Fjordane har alle fleirtal kvinner i kommunestyra. Det same har Trysil, Vang, Nordre Land, Lesja, Grue og Åmot kommunar i Hedmark og Oppland.

Demokratisk problem

I Hægebostad har dei ikkje noko godt svar på kvifor så få kvinner er valde inn i kommunestyret, bortsett ifrå at det er vanskeleg å få kvinner inn på listene. Seniorforskar Vigdis Nygaard peikar på fleire moglege årsaker.

– Det verkar som om partia har hatt problem med å få kvinner inn på listene. Det kan vere fordi kvinnene ikkje har ynskt å stille. Det kan vere at partia ikkje har klart å frå fram kvinner på dei øvste plassane. Men den viktigaste årsaka i denne kommunen, er veljarane sjølve som har bidrege med personstemmer som har gjort at kvinnene har komme lengre ned på lista, seier ho.

Forskaren viser til at dette har resultert i at fem kvinner som stod på forholdsvis sikker plass vart dytta nedover på lista og ut av kommunestyret.

– Er det eit demokratisk problem at få kvinner er med i mange kommunestyre?

– Eg tykkjer det. Befolkninga består for det meste femti-femti av kvinner og menn. Dersom kvinner ikkje skal vere representert i kommunestyret meiner eg det utgjer eit demokratisk problem, seier seniorforskaren.

– Kvinner tek ofte opp andre saker og prioriterer ofte annleis enn menn. Dersom ein ikkje har kvinner sitt synspunkt representert i kommunestyret vil eg seie at det vil påverke politikken, seier Nygaard.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Blir småirritert

Sitjande ordførar i Lavangen, Viktor Andberg, trur politikken i Hægebostad og Salangen vil bli særs ulik på grunn av kjønnsskilnadene i kommunestyra.

– Eg trur nok at kvinner har dette med pleie og omsorg sterkare i fokus enn menn. Menn er kanskje meir opptekne av næringsutvikling, stadsutvikling, infrastruktur, vegar og kommunikasjon, seier han.

Det får fleire kvinner NRK.no har snakka med til å reagere. Blant andre påtroppande ordførar i Lindesnes Janne Fardal Kristoffersen.

– Eg blir nesten litt småirritert. Det er jo rett og slett ikkje riktig. Kvinner er heldigvis veldig ulike. Vi har sjølvsagt kvinner som er veldig opptekne av barnehagesatsing, men vi har også mange kvinner som er kjempeengasjert når det gjeld næringsutvikling, seier Fardal Kristoffersen til NRK.no.

Ho har leia eit likestillingsprosjekt i heimkommunen, som har hatt som mål å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken. Fardal Kristoffersen vedgår at det har vore eit utfordrande arbeid.

– Med tanke på det store fokuset vi har hatt på å få fleire kvinner til å delta aktivt er det klart at vi skulle ynskje oss endå fleire kvinner inn i kommunestyret. Det går tregt, men heldigvis litt framover. Vi har i alle fall to fleire kvinner i denne perioden enn i den førre perioden, seier ho.

Janne Fardal Kristoffersen

ORDFØRAR: Den nye ordføraren i Lindesnes, Janne Fardal Kristoffersen, jobbar for å få fleire kvinner inn i politikken.

Foto: Lars Eie / NRK

Støtte frå svigerfar

– Vi lever i eit demokrati, heldigvis. Det er først og fremst veljarane som avgjer kven dei ynskjer skal styre kommunen. Veljarane har nok kanskje gjort det slik at det er fleire menn enn kvinner som har komme inn, seier den nye ordføraren i Lindesnes.

I ein travel kvardag med tre små barn i tillegg til bygging av nytt hus ser Britt Tove Stokke fram til å komme i gang i kommunestyret i Hægebostad. Ho er naturlegvis spent på korleis det blir å styre kommunen i lag med 20 menn.

– Heldigvis sit svigerfar min også i kommunestyret. I tillegg har eg god støtte i eige parti, så dette skal nok gå bra, smiler ho.

– Ho må trivast og vi må passe på at vi ikkje skremmer ho vekk i alle fall, ler ordførar Ånen Werdal.

– Mange dyktige kvinner

Begge to vil no jobbe aktivt for å få inn fleire kvinner i kommunestyret ved valet om fire år. Ingen av dei vil ha reprise av årets val der berre ei kvinne kom inn.

– Eg vil ta initiativ til å setje ned eit utval eller eit prosjekt for å prøve å få gjort noko med dette. Det er andre kommunar som har gjort dette med godt hell. Eg har tru på at dersom ein jobbar aktivt med dette vil ein få resultat, seier Werdal.

– Det er litt flaut så lenge det var fleire damer som stod høgt oppe på listene. Vi har mange dyktige kvinner og vi er faktisk fleirtal kvinner her. Så dette er dårleg. Her må det jobbast for å få fleire kvinner inn, seier Britt Tove Stokke.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %