NRK Meny
Normal

Helikopter-styrt var kalking

Naudetatane rykte ut etter melding om ein helikopter-styrt på Surtevatn i Audnedal.

Laster kart, vennligst vent...

Ein person som ringde inn ein mogleg helikopter-styrt til politiet førte til full utrykning til Audnedal.

Både Sea King-helikopter med dykkarar, ambulanse, politi og brannvesenet rykte ut til staden

Seinare kom det melding frå politiet om falsk alarm. Det var nemleg eit helikopter som dreiv kalking i området. Politiet fekk stadfesta at helikopteret ikkje hadde gått ned då dei hadde vore i kontakt med piloten.