– Dette er jo eit verkemiddel vi har til saker som ikkje er av størst alvorsgrad. Men totalt sett ser vi veldig alvorleg på dette viss det blir mykje av det.
Det seier juridisk seksjonsleiar i Miljødirektoratet Trond Flydal.
Miljødirektoratet har vedteke å gi eit straffegebyr på 15.000 kroner til ein båteigar som i fjor sommar bora i eit svaberg i Raet nasjonalpark.
Ifølgje vedtaket bora vedkommande to hol for å fortøye båten sin ved Paradisbukta i Arendal.
NRK skreiv tidlegare i sommar om båteigarar som lagar uopprettelege skadar i freda svaberg når dei borar eigne fortøyingshol til båtane sine.
Fleire brot i strandsona
– Det blir sprengt, bolta og grave, og det er fleire som har peika på at dette er ei problemstilling, seier Flydal i Miljødirektoratet til NRK.
Han fortel at Økokrim tidlegare i sommar var ute i media og opplyste at det skjer mykje av dette i strandsona langs kysten.
– Sumverknaden kan bli ganske stor viss ein berre lèt dette halde på. Då vil verneverdien i nasjonalparken tape seg.
Verneområde er oppretta for å ta spesielt vare på desse stadene, seier Flydal.
– Vi må markere at dette ikkje er greitt. Det er summen av mange ting som gjer at ein har ønskt å regulere det, og at vi må reagere på det.
Juridisk seksjonsleiar i Miljødirektoratet Trond Flydal.
Foto: Terje Trobe / MiljødirektoratetHar beklaga
I vedtaket står det at «inga varig påverking av naturmiljøet skal finne stad i nasjonalparken».
Mottakaren av straffegebyret kan klage på vedtaket.
– Det er eit alternativ han må vurdere. Båteigaren har nokre eigne synspunkt for kvifor han gjorde dette.
I vedtaket står det at eigaren av båten valde å fortøye båten med boltar på grunn av mykje vind i området, og gjekk derfor i nødhamn.
Eigaren har beklaga, men forklarer at boltane vart sette ned fordi det var fare for at båten skulle bli trekt inn mot fjellet.
Båteigaren meiner det ville gitt større skade dersom ein båt på 45 tonn hadde drive på land.
– Eit alvorleg lovbrot
Tidlegare i sommar møtte NRK parkforvaltar Jenny Marie Gulbrandsen i Raet nasjonalpark. Då fortalde ho at det var skremmande at båtfolket trur dei kan ta seg til rette på denne måten.
– Vi ser på dette som eit alvorleg lovbrot. Dette er uopprettelege skadar på freda svaberg, sa ho i juli.
Raet nasjonalpark er eit verna marint naturområde, som strekkjer seg frå Grimstad til Tvedestrand.
Boltar funne i Raet nasjonalpark
Foto: Vetle Hjortland / NRK