– Dei som rekrutterer unge sit på dagtid og spelar dataspel online, for å finne ut kva barn som ikkje er på skolen.
Det sa Astrid Holm, seksjonsleiar for nærpolitiseksjonen i Oslo politidistrikt søndag ettermiddag, til heile landet på eit digitalt foreldremøte.
Dei siste vekene har vore prega av ei rekkje alvorlege hendingar med unge heilt ned i 13-årsalderen.
Minst 20 norske ungdommar blir knytte til valdsoppdrag i år.
Fleire av hendingane blir kopla til bestillingsvald og svenske kriminelle nettverk.
«Politiet ønsker difor å dele kunnskap om status, faresignal og utviklingstrekk foreldre bør vere klare over som eit ledd i å forhindre ny rekruttering av barn og unge til denne typen kriminalitet», var ordlyden i invitasjonen frå politiet.
Dette kan vere eit dårleg teikn
Holm sa eit vesentleg teikn er at barn plutseleg tar i bruk krypterte kommunikasjonsappar, som Telegram, WhatsApp, Signal og Zangi.
– Det er ingen grunn til at eit barn eller ein ungdom skal gå rundt med ein kryptert app på telefonen sin, seier Holm.
Ho kom difor med følgjande oppfordring:
– Bygg tillit til barnet ditt, slik at dei tør å fortelje det om dei opplever noko ubehageleg på nett. Du har ein rett og ei plikt til å følgje med på barnet ditt, sa Holm.
19 ran i Agder
I Agder har det dei siste vekene også blitt gjort mykje kriminalitet av unge menneske.
På dei ti første dagane i oktober rykte politiet ut til 19 ran i Kristiansand sentrum.
Politiet har ikkje sagt noko om at ransbølgja knyter seg til rekruttert kriminalitet blant unge.
Rana har likevel skapt utryggleik i sentrum, seier ungdommar NRK har snakka med.
Tidlegare i oktober fortalde NRK at politiet kjenner til at ungdom også i Agder får tilbod frå kriminelle. Dei leitar etter sårbar ungdom som ønsker å tene pengar, opplyser politiet.
Jonatan Lyng-Landmark seier han og kompisane snakkar mykje om rana som har vore den siste tida. Her står han saman med medelev Oline Gjernes.
Foto: Line Victoria Sverdrup / NRKPolitiet har no sikta ti personar for rana den siste tida, og ser ikkje bort frå fleire pågripingar.
Nokre av dei sikta har kjennskap til kvarandre frå før.
– Dei pågripne er unge menn i tenåra eller tidleg 20-åra. Dei høyrer til i Kristiansand, men også andre kommunar i Agder, sa politistasjonssjef i Kristiansand Anders Hareide Holt til NRK førre veke.
Klede og verdigjenstandar er noko av det offera har måtte gi frå seg under rana.
Fryktar smitteeffekt
Politiet i Kristiansand meiner omtalen til media av ungdomskriminalitet den siste tida kan inspirere fleire til å gjere seg skuldige i lovbrot.
– Vi veit at nyheitsbilete som skjer internasjonalt og nasjonalt blir spreidd lokalt og at det i verste fall kan smitte over på andre. Det kan inspirere sårbar ungdom til å gjere seg skuldig i alvorleg kriminalitet.
Det seier leiar for førebyggande avdeling i politiet i Kristiansand, Anders Flottorp.
Leiar for førebyggande avdeling i Kristiansand Anders Flottorp seier politiet over tid har sett at unge har gjort seg skuldig i ran eller grove tjuveri som er knytt til at ein går med eigedelar som har ulik verdi.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKOgså ungdomsarbeidar Hussein Al-Kharasani er redd det blir ein smitteeffekt når så mange ran skjer på så kort tid.
– Når du er blant ungdom og kan seie at du har rana og blitt sett i handjern, kan det smitte over på ein annan som vil ha den same spenninga, sa han til NRK førre veke.
Hussein Al-Kharasani meiner ein må sjå på årsaka til at ungdom ranar.
Han nemner sosialt press, og at mange ikkje har pengar til å kjøpe dei tinga dei ønsker seg.
Da blir alternativet å berre ta det.
– Dei skulle hatt tryggare vaksne og fleire arenaer rundt i Kristiansand der dei kan møtast. For å henge, for å ha det hyggeleg, for å skape god stemning.
Ungdomsarbeidar Hussein Al-Kharasani er redd det blir ein smitteeffekt når så mange ran skjer på så kort tid.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK