Hopp til innhold

Giftig plante spreier seg

Den giftige planten Landøyda finst fleire stader i Noreg og spreier seg raskt, spesielt i Rogaland og Agder.

Den giftige planten landøyda sprer seg på Sørlandet. Særlig hest og storfe er utsatt.

Den giftige planten landøyda spreier seg på Sørlandet. Særleg hest og storfe er utsett.

Foto: Miriam Grov

– Det er eigentleg ganske skremmande.

Heste-eigar Tina Solbakken ved Engene Stall og Stutteri aust i Arendal, er bekymra for spreiinga av den giftige planten.

Heste-eigar Tina Solbakken ved Engene Stall og Stutteri aust i Arendal, er bekymra for spreiinga av den giftige planten landøyda.

Heste-eigar Tina Solbakken ved Engene Stall og Stutteri aust i Arendal, er bekymra for spreiinga av den giftige planten landøyda.

Foto: Miriam Grov

Landøyda er ein gul plante som er giftig for både menneske og dyr. Den spreier seg lett viss ho får setje frø, og er mest eit problem for landbruket.

– Vi har jo hestar og ungdyr som går mykje på beite, og spesielt når det er unge landøyda-planter så er ikkje de så synlege for oss menneske og de kan spreie seg raskare utan at vi ser det.

Spesielt er beitedyr som hest og storfe utsett.

Enda har dei ikkje oppdaga nokre av dei frykta plantane ved hennar stall, men heste-eigaren fryktar det berre er eit spørsmål om tid før den gule planten dukkar opp.

– Ein går med augo på stilk, og me er veldig oppteken av å sjekke alle gule blomar før me slepp ut hestane.

Landøyda spres i rekordfart

Spesielt unge utgåver av den giftige planten er vanskeleg å få auge på.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Trapper opp kampen

I Arendal kommune vil dei no trappe opp kampen mot den giftige planten.

På kommunen si Facebook- sidan åtvarar landbrukssjefen om at den giftige planten spreier seg i kommunen og oppmodar publikum til å hjelpe til.

Plantene bør brennes dersom dette er klarert med brannvesenet. Dersom ikkje brenning er tillaten, bør planten leggjast i posar og puttes i restavfall for brenning på søppelanlegg, skriv landbrukssjef Morten Foss.

Skjermdump fra Arendal kommune sin Facebook-side.

Kommunen åtvarar mot den giftige planten i Arendal.

Foto: Skjermdump / Elin Skaar

Betalt for å plukke

Som eit av fleire tiltak vil Arendal kommune neste sommar vurdere å tilby unge sommarjobb med å fjerne den giftige planten.

Allereie no i sommar og utøver hausten kan skoleklasser eller idrettslag som plukkar Landøyda få betalt for jobben dei gjer, opplyser landbrukssjefen.

På Engene Stall jobbar Tina Solbakken med gjere borna bevisst på den gule blomen. Ho synest plukke-dugnad er eit bra tiltak men ser helst at det blir enda større fokus på å opplyse om Landøyda.

– Fleire enn oss som driv med dyr må bli medvitne om denne planten. Den er jo ikkje berre giftig for dyr, men for oss alle.

Luket Landøyda langs Listastrendene

Planten kan kastast i posar og puttes i restavfall for brenning på søppelanlegg. Slik som her, langs strendene på Lista.

Foto: Statsforvalteren i Agder

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %