Trea som tok over øya

Då Gerda var lita, planta ho og familien sitkagran for å få le mot vinden. No håpar ho å bli kvitt trea ein gong for alltid.

– Vi har mista kontrollen.

Gerda Silden Totland vandrar rundt i sitt barndomsparadis på øya Silda heilt ute i havgapet i Nordfjord.

På alle kantar rundt ho veks det store grantre, så høge og tette at dei skuggar for sollys og utsikt.

Då ho var lita, var heile øya leikeplassen til ho og dei andre ungane. Med storhavet som næraste nabo kunne dei vandre fritt der dei ville.

No ligg heimegarden hennar omsvøpt i skugge sjølv om det er ein fin sommardag, og det er nærast umogleg å ta seg fram på store delar av øya.

Grantrea står tett i tett.

Gerda tek oss med inn i den tjukkaste granskogen for å syne oss ei hole i fjellet der ho brukte å leike som unge.

Men dei skarpe greinene skrapar opp ansikta våre, vi må gje opp.

– Vi visste ikkje kva vi gjorde. Ingen kunne vite kva som kom til å skje. Trea har teke over øya vår. Dei har gjort Silda mørk og trist.

Gerda Silden Totland har bestemt seg for å ta grep.

Men er det for seint? Har sitkagrana slått rot for alltid, eller er det mogleg å få tilbake øya slik ho hugsar frå barndommen?

Gerda Silden

TRASIG: Gerda Silden tykkjer det er trasig med all sitkagrana på Silda.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Med sine kring 200 innbyggjarar var den nakne øya heilt ute i havgapet ein herleg stad å vakse opp.

Eigen skule, post, butikk og båtsamband med byfolket i Måløy gjorde tilværet fint for fiskarane og småbøndene på Silda.

Men øya var naken. Gold og skrinn; det veks ikkje mange tre heilt ute ved storhavet.

Med nokre unntak. Den nordamerikanske gransorten Sitka kan vekse seg stor og tett, der norske treslag ikkje klarer seg.

Og her må vi gjere eit hopp til 60-talet og ei stordomstid for norsk skogplanting.

I 1965 fekk faren til Gerda ein gløgg ide, på same tid som svært mange andre langs kysten fekk den same gløgge ideen.

Staten hadde funne ut at Noreg trengde meir skog.

Skogbruket var ei næring i sterk vekst, men heilt sidan den industrielle revolusjonen hadde det vore rovdrift på norske skogar, og no byrja det å bli lite att.

Den raskveksande gransorten Sitka frå Alaska var redninga, og folk skulle få godt betalt for kvart einaste frø dei planta av den framande arten.

På den forblåste øya Silda hadde folk slite med sterke vindar i generasjonar. Det er ikkje lett å dyrke gras når vestavinden strør om seg med saltvatn i kasta.

Sitka var løysinga, denne eksotiske planten tolte sjøsprøyt, vestavêr og det tynne jordsmonnet.

Fiskarbonden John Silden var ikkje i tvil. Sitkagrana var løysinga, og alle i familien måtte bli med på plantedugnaden.

Desse arkivbileta syner korleis plantinga av sitkagran gjekk føre seg ein stad i Sunnhordland.

Gerda hugsar godt då det gjekk heile skuleklassar på Silda for å plante Sitkagran. Dess meir du planta, dess meir lommepengar fekk du.

Og slik var det i heile landet. Frå Finnmark i nord til Agder i sør gjekk folk manngard for å plante den segnomspunne tresorten.

Langs heile norskekysten vart – og blir – sitkagrana stadig meir dominerande.

Femti år etter at Gerda og familien planta dei første tre på Silda, ser ho på det heile som eit fatalt feilgrep.

– Foreldra mine forbanna desse trea. I mange år prøvde far min å gjere noko med dei, men til slutt gav han opp. Det var ei stor sorg for han.

Dei skulle berre gje litt le for vinden, men treplantene fortrengde og blomar, buskar og andre tre- og planteartar som høyrer naturleg heime på øya.

Gamle naboar som alltid hadde vore tett på kvarandre, budde no som i kokongar – skjerma og isolerte.

Bygdefolket prøvde fleire gonger å kvitte seg med grana. Dei samla seg, gjekk til arbeidet med motorsag og traktor og brente store bål fulle av gnistrande sitka.

Men dei kom ingen veg. Sitkagrana spreidde seg raskare enn dei klarte å ta unna. For kvart tre dei felte, veks det opp nye overalt.

– Vi måtte berre gje opp. Det var utruleg deprimerande, seier Gerda.

Det dei trengde var store hogstmaskiner og mykje mannemakt. Og det hadde ikkje bygdefolket ressursar til.

Heilt til ein ung botanikarstudent ein dag dukka opp på øya.

Han kjem sjølv frå Austlandet, og har ikkje noko tilknytning til Silda, men då Anders Gunnar Helle fekk sjå skogane som var i ferd med å reise seg ute i storhavet bestemte han seg for å gjere alt som stod i hans makt for å hogge dei ned.

Anders Helle feller Siktagran på Silda

IDEALIST: Anders Helle i Norsk botanisk foreining er ein idealist, som brukar mykje av fritida si på å felle sitkagran. Han meiner at sitkagrana er det største trugsmålet mot biologisk mangfald i Noreg i dag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Botanikaren brukar helst helgene til å kartleggje billebestanden i vestnorsk urskog, og lyser opp når han pratar om biomangfald og sjeldne plantesortar.

Men trass i engasjement for alt som veks og lever, har han ingenting fint å seie om sitkagranene på Silda.

– Sitkagrana er det største trugsmålet mot biologisk mangfald i Noreg i dag.

Helle har reist mykje rundt langs kysten for å kjempe mot sitkagrana. Då han kom til Silda for første gong, skjønte han at dette var staden som kunne bli episenteret for den nasjonale kampen mot sitkagrana.

Ei ganske lita øy i utstrekning, langt frå land. Eit bygdefolk som var fulle av motivasjon og pågangsmot for å gjere ein innsats mot «pøbelgrana».

Ein ide vart tent.

Silda kunne vere staden der dei kunne bevise at det var mogleg å kvitte seg med sitkagrana ein gong for alle.

Myndigheitene hadde for lengst innsett at den statlege sitkaplantinga var ei stor tabbe, og Helle trudde det kunne vere mogleg å få offentlege midlar til arbeidet.

Men dei trengde millionar, og det var ein lang veg fram dit.

Helge Kårstad på Kårstad i Bygstad

ELSKAR SITKA:

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Sitkagrana er eit fantastisk treslag!

– Her har du sitka, seier stifinnaren vår oppover liene i Bygstad.

Vi vandrar oppover fjellet på gamle traktorvegar. Men sjølv om vi kjem stadig høgare så har vi ikkje utsikt i ei einaste retning.

Rundt oss på alle kantar står høge og breie grantre.

Norsk gran og sitkagran står planta om kvarandre, men dei som har greie på det har ikkje problem med å skilje treslaga frå kvarandre.

Den karakteristiske raudfargen i stammen og eit blåleg, nesten metallisk skjær i dei grøne kronene gjer at Helge Kårstad ser kva som er sitka på lang avstand.

Han har teke oss med til nokre av dei første sitkaskogane som far hans planta rundt heimegarden på Kårstad i Sunnfjord.

– Til å produsere tømmer er sitkagrana det beste treslaget vi har, seier han.

Sitkagran i Bygstad
Foto: Oddmund Haugen / NRK

Trea han syner oss er store. Enorme, faktisk. Og det er difor han likar dei så godt.

Sitkagrana veks mykje raskare enn vanleg gran, og kan produsere fire gonger så mykje tømmer per tre som det den trauste norske grana kan.

Fordi sitkagrana veks mykje raskare enn ei vanleg gran, betyr det at ho tek meir Co₂ frå atmosfæren etter kvart som ho vert større.

Om ei sitkagran får stå i fred i hundre år, kan ho binde fire gonger så mykje karbon som ei norsk gran.

Og nettopp difor er det stadig fleire som tek til orde for å plante sitkagran som eit miljøtiltak.

I 2019 vedtok regjeringa å fastsetje ei streng regulering av nyplanting av sitkagran.

Same året vart tresorten nemnt i positive ordelag i eit regjeringsutval.

Lekter med hogstmaskiner på Silda

REDNINGA: Store og tunge hogstmaskiner vart frakta til Silda ved hjelp av denne båten.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Der kjem det ein båt!

Ein vinterdag tidleg i 2020 fekk folka på Silda den beskjeden dei hadde venta på.

Den same staten som hadde brukt millionar på å plante sitkagran i si tid, var no villig til å bruke millionar på å hogge ho ned.

Og Silda var blant dei første som skulle få store løyvingar til å betale profesjonelle skogentreprenørar for å hogge ned skogen.

Nærare eitt år etter at Gerda og dei andre sildarane fekk beskjed om at staten ville sponse dei, så kom det ein lekter med fire tunge hogstmaskiner om bord inn mot øya.

Gerda stod på verandaen i lag med nokre naboar då båten plutseleg dukka opp bak ein holme.

– Dette er den største dagen i mitt liv, sa ho då båten med maskinene nærma seg øya.

To store traktorar, ei gravemaskin og ein stor hogstmaskin rullar innover den vesle betongkaia, som ristar og skjelv av påkjenninga.

No har skogsarbeidarane to veker på seg til å forsøkje å hogge ned fleire tusen kubikkmeter med sitkagran, før løyvingane frå staten er brukt opp, og dei må reise heim att.

Det er dårleg med tilkomstvegar på øya, og nokre av bakkane er ganske bratte.

Sakte men sikkert forsvinn likevel eitt tre etter det andre.

Hogst av sitkagran på Silda

I FULLT ARBEID: Profesjonelle hogstarbeidarar jobbar på spreng på Silda.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Den gamle skuleplassen på Silda fungerer som oppsamlingsstad for tømmeret som er godt nok til å bli sendt vekk som tømmer.

Gerda blir nesten mållaus når ho går rundt på garden sin og ser resultatet av to veker med industriell hogst.

Garden der ho vaks opp låg midt i den tjukkaste granskogen.

Det er mange år sidan ho har sett nabohusa, sjølv om dei berre ligg eit steinkast unna hennar hus.

Og for første gong sidan ho var lita, skin sola over øya hennar frå alle kantar.

Der det tidlegare var vanskeleg å ta seg opp i terrenget rundt garden fordi grantrea stod så tett, kan ho og dei andre sildarane no vandre fritt og nytte heile øya for første gong på lenge.

Silda var de første som fekk statlege pengar til å kvitte seg med sitkagrana, men det kan berre vere byrjinga.

Framover set regjeringa av stadig meir pengar til bygdesamfunn som vil gå saman for å bli kvitt tresorten.

I første omgang vil det stort sett gjelde for små øysamfunn som Silda, sidan det då er lettare å sikre at det ikkje spreier seg på nytt.

Utreinskinga på Silda var berre starten, men for Gerda og dei andre som bur der har det vore det største som har skjedd på øya på fleire tiår.

– Det er eit mirakel at vi skulle få hjelpa vi trengde til å få dette til. No tenkjer eg på sommaren, å få lys inn att i husa og oppdage øya på nytt.

Garden på Silda fri for sitka
Foto: Oddmund Haugen / NRK

No er spørsmålet om dei klarer å halde grana nede.

Gerda har planen klar.

Ho har allereie invitert fleire skuleklassar til å gå manngard rundt øya for å leite etter små spirande sitkagraner som må dragast opp med rota.

Om skuleklassar ein gong klarte å dekke heile øya med sitka, kjenner ho seg trygg på at dei skal klare å halde grana nede til alle spirer og frø av den uønskte sorten ein gong i framtida har døydd ut.