Hopp til innhold

Aukande interesse for lauvskog i Agder

Skogselskapet i Agder vil gjenreise lauvtre som berekraftige tresortar. Lokale snikkarar støttar initiativet.

Vi ynskjer at folk skal lære meir om lauvskog og om moglegheitene og kvaliteten som finst i han.

Det seier dagleg leiar i Skogselskapet i Agder Hans Olav Gurebo.

Han har den siste tida vore med på å lære elevar på naturbrukslinja ved KVS Bygland å flytte eikeplantar.

Lauvtreprosjektet går blant anna ut på å auke kunnskapen om lauvskog og den viktige rolla ho har i det biologiske mangfaldet.

Les også Agderskog vernes: – Jeg er glad

Storvokst eikeskog i Heptedalen naturreservat i Kristiansand kommune.

Flyttar plantar

Eikeplantar blir graven opp og blir flytta til eit nytt felt på Storegra Gård i Grimstad, der det no blir satsa på ein ny bestand av eiketre.

– Vi bruker stadeigne plantar og så satsar vi på å forynge bestanden litt, seier Gurebo i Skogselskapet i Agder.

Les også Saltvann fra stormen fikk skogen til å bytte farge

Saltvann farget skogen

Han seier skogselskapet er opptatt av å tenke på framtida.

– Lauvtreskog er veldig viktig både for det biologiske mangfaldet og fordi han gir liv og moglegheiter, seier Gurebo.

Ifølge han blir trea blant anna brukte i kjøkkeninnreiingar og møblar, og akkurat det blir meir og meir populært.

Økende interesse for lauvskog

Elevane ved naturbrukslinja på KVS Bygland har lært å flytte eikeplantar den siste tida.

Foto: Eirik Rognaldsen / NRK

Vil bruke lokalt tømmer

Blant dei som ynskjer slike tiltak velkommen er snekker på Drange Snekkerverksted i Søgne Helge Ingebretsen.

Han skulle gjerne sett at dei kunne bruke lokalt tømmer framfor importert som dei gjer i dag.

Det pratar vi mykje om. Det er nesten for gale at det skal vere sånn. Kunne vi fått tak i lokalprodusert trevirke, så hadde det vore fint, seier snikkaren.

Helge Ingebretsen

Helge Ingebretsen frå Drange Snekkerverksted skulle gjerne sett at han kunne brukt lokale eiketre framfor importert treverk.

Foto: Eirik Rognaldsen / NRK

Gurebo frå skogselskapet seier det har blitt satsa lite på lokalt tømmer dei siste åra og at dette er noko dei ønsker å endre.

Vi ynskjer at vi skal få bruke meir lokale råvarer og lære folk til å tenke litt berekraft rundt dette, seier han.

Les også Fann 1.2 tonn dumpa bilbatteri i skjergarden

bilbatterier hentet opp i Farsund

Å flytte plantane engasjerer dei unge elevane, og blant dei Tønnes Skrudland Hetland:

Det er flott. Det varierer litt med vêret, men det er det som er gøy med det òg, i alle fall nå når det begynner å bli litt varmare. For det er dette eg har tenkt å jobbe med, fortel han.

Økende interesse for lauvskog

Tønnes Skrudland Hetland er elev på KVS Bygland og synest ikkje at regnvêret kom i vegen for det han skulle lære.

Foto: Eirik Rognaldsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %