NRK Meny
Normal

Får ettergitt ein halv million kroner i gjeld

Handballklubben Vipers Kristiansand får ettergitt ein halv million kroner i gjeld av kommunen. Det avgjorde bystyret i Kristiansand onsdag kveld.

Vipers Kristiansand

Vipers Kristiansand får sletta gjeld på ein halv million kroner av kommunen, men må i staden betale meir for leige av Aquarama.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det var i 2010 at eliteserieklubben fekk eit lån på ein million kroner av kommunen. Bakgrunnen var at klubben sleit økonomisk og trengde hjelp for å komme seg ut av knipa.

Harald Hageland (SV)

Harald Hageland (SV).

Foto: NRK/Svein Sundsdal

Det var eit samrøystes bystyre som sa ja til å ettergi gjelda på 500 000 kroner.

Må betale meir i leige

I staden må Vipers Kristiansand betale dyrare leige av Aquarama der dei både trenar og spelar heimekampane sine.

Klubben er no forplikta til å leige hallen og betale dyrare leige.

Då saka var oppe til behandling i bystyret onsdag spurte Harald Hageland (SV) om klubben vil bli i hallen dersom dei må betale meir i leige.

Økonomidirektør i kommunen, Terje Fjellvang, stadfesta at klubben vil bli i Aquarama.

Frp-politikar reagerte

Tysdag fortalde NRK at Frp-politikar Stian Storbukås reagerte på at Vipers henta inn topptrenaren Gunnar Pettersen kort tid etter at kommunalutvalet sa ja til å ettergi lånet.

– Det blir som å låne pengar til ein som ber om pengar til å kjøpe mat, så går han og kjøper seg ein indrefilet. Det er kanskje ikkje det du ventar. Du ventar vel litt meir nøkternhet, sa Storbukås som er fungerande gruppeleiar i Kristiansand Frp.

Men i bystyret vart det ingen debatt kring om Vipers skulle få ettergitt lånet eller ikkje.

Stian Storbukås (Frp)

Stian Storbukås (Frp) i bystyret onsdag kveld.

Foto: NRK/Svein Sundsdal