Hopp til innhold

Politikarar reagerer på Vipers-signering

Frps Stian Storbukås reagerer sterkt på at Vipers Kristiansand hentar inn ein av Norges mest meritterte trenarar, berre to veker etter at klubben fekk ettergitt gjeld på ein halv million kroner av kommunen.

Pettersen

Bystyrepolitikarane Stian Storbukås (Frp) og Grete Kvelland Skaara reagerer på at Vipers Kristiansand henta inn ny trenar berre få veker etter at klubben fekk ettergitt ein halv million kroner i gjeld.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Det blir som å låne pengar til ein som ber om pengar til å kjøpe mat, så går han og kjøper seg ein indrefilet. Det er kanskje ikkje det du ventar. Du ventar vel litt meir nøkternhet, seier fungerande gruppeleiar i Kristiansand Frp Stian Storbukås til NRK.

Stian Storbukås

Stian Storbukås (Frp) er kritisk til handballklubben Vipers Kristiansand.

Foto: Jan Jørg Tomstad / NRK
Gunnar Pettersen

Gunnar Pettersen skreiv under kontrakt med Vipers Kristiansand måndag.

Foto: Vipers Kristiansand

Måndag ettermiddag skreiv Gunnar Pettersen under for Vipers Kristiansand. Pettersen har mellom anna tidlegare trent det norske herrelandslaget med suksess.

– Rimar dårleg

To års kontrakten vart skriven under få veker etter at eliteserieklubben fekk ettergitt ein halv million kroner i gjeld av Kristiansand kommune. Det var eit samrøystes kommunalutval som sa ja til å ettergi gjelda.

– Eg tykkjer det rimar litt dårleg. Kommunalutvalet ettergav gjeld for eit lag som angiveleg var i djup naud. Så ser vi dette. Det er mildt sagt ein merkeleg framgangsmåte, seier Storbukås.

Også gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti Grete Kvelland Skaara stussar.

– Det er eit tankekors, seier ho.

– Strategien til kommunen har i alle år vore å leggje til rette i forhold til areal og anlegg for klubbar og idrettsorganisasjonar. Vi har gått lite inn i drifta, seier ho.

Betaler deler av løna

Dagleg leiar i Vipers Kristiansand Terje Marcussen avviser kritikken frå dei to bystyrepolitikarane. Han viser også til at klubben må betale dyrare leige av Aquarama mot at halvparten av gjelda vert sletta.

– Vi må ha ein trenar for neste sesong. No har vi fått to fluger i ein smekk og har fått ein god trenar og vi har fått bidrag frå mange. Vi har fått ei god avtale og Gunnar er særs motivert til å levere. Eg stiller gjerne i ein diskusjon med politikarane, men då må dei kjenne litt betre til heilskapen, seier han.

Ifølgje Vipers-sjefen skal klubben betale deler av løna til Pettersen. I tillegg dekker eksterne krefter deler av løna.

– Dei fleste politikarane er opptekne av å ikkje ta ut bruddstykker frå ei heilskap. Dei må kjenne heilskapen i denne saka, seier Marcussen.

Marcussen påpeikar også at klubben vil bli meir attraktiv på sponsormarknaden med Pettersen i trenarstolen.

– Politikarane skal ikkje vere redde for at vi ikkje klarer å betale rekningane våre, seier han.

Avgjerd onsdag

Marcussen seier at klubben har fått gode tilbakemeldingar etter at nyheita kom ut måndag.

– Bedrifter i nettverket vårt vil bidra fordi dei tykkjer det er ein utruleg spennande trenar. Kanskje den mest spennande trenaren i Norge, seier han.

Om klubben får ettergitt gjelda blir endeleg avgjort i bystyret onsdag. Både Kvelland Skaara og Storbukås trur vedtaket frå kommunalutvalet blir ståande.

– Eg reknar med at dei står ved vedtaket som vart fatta i kommunalutvalet, seier Kvelland Skaara.

Gunnar Pettersen

Gunnar Pettersen skal leia Vipers Kristiansand dei to neste sesongane.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %