Klubben får nemleg eit kommunalt lån på 1 million kroner. 38 stemte for lånet, medan berre 15 stemte imot.
- LES OGSÅ: Vil hjelpe fattig håndballklubb
Kan sjå framover
– Dette var kjempepositivt og varma hjartet. No kan vi sjå framover og skal levere tilbake til kommen når den tid kjem. Det er å fylle Aquarama når den tid kjem. Dette var bra, seier styreleiar i klubben, Per Løvstad til NRK.no.
Styreleiaren seier avgjerda i bystyret betyr mykje for klubben.
– Det betyr mykje vil eg seie. Det betyr at vi kan halde fram den sportslege satsinga vi har gjort og jobbe mot å bli seriemeister i 2013, som er visjonen og målet vårt, seier han.
– Utan lånet hadde vi måtte redusere kostnadene. Då måtte vi også ha redusert dei sportslege ambisjonane, seier Løvstad.
– Viser ansvar
Han er glad for at kommunen no støttar opp om cupfinalisten.
– Eg er glad for at kommunerepresentantane viser ansvar, og ser det vi har prøvd å få fram heile tida. Vi skal levere noko tilbake til kommunen. Vi skal levere opplevingar i Aquarama. Det er det vi jobbar med, seier han.
Når det gjeld tilbakebetaling av lånet, seier han følgjande:
– Vi plar å betale dei låna eg tek opp. Eg skal gjere alt i mi makt og saman skal vi klare dette, seier Løvstad.