Hopp til innhold

Fann 140 kilo dynamitt: Skulle brukast til fisking og grøftegraving

Seks menn og éi kvinne er sikta etter at store mengder sprengstoff og handvåpen vart funne på ulike adresser på Sørlandet.

Bombegruppe i Arendal

Sju personar er sikta i samband med dynamitt-saka på Sørlandet.

Foto: Espen Bierud / NRK

Heime hos éin av mennene vart det funne rundt 100 kilo dynamitt.

Dynamitten skulle brukast til fisking og grøftegraving.

Det seier forsvararen til mannen, Pål Christensen.

Politiet ønskjer ikkje å kommentere dette.

– Det som gjer oss bekymra, er dei store mengdene sprengstoff som er oppbevart på uforsvarleg vis, seier Helge Torsvik som leiar etterforskinga.

Mannen er busett i Tvedestrand. Dynamitten vart funnen heime hos han.

Sprengstoff Tvedestrand

Vegen vart sperra då politiet fann 100 kilo dynamitt i ein bustad i Tvedestrand.

Foto: Espen Bierud / NRK

Sju personar arresterte

Politiet har òg funne sprengstoff i Arendal og Grimstad.

Det skjedde i samarbeid med bombegruppa frå Oslo.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) hjelpte òg i aksjonen.

Funna førte til ei rekkje arrestasjonar. Alle dei sikta mennene er i 20-åra. Tre av dei er varetektsfengsla. Kvinna er i 30-åra.

Nokre av personane er kjende for politiet frå før av. Alle bur aust i Agder.

bombegruppa i grimstad

Fleire naboar vart evakuerte då bombegruppa skulle hente ut dynamitten.

Foto: Odd Rømteland / NRK

PST er varsla

Det var tysdag kveld førre veke at fire personar vart stoppa i Arendal.

Sjåføren var mistenkt for fyllekjøring. I bilen fann politiet eit ulovleg våpen. Det førte til at politiet ransaka fleire bustader.

Ein av dei var på Tromøy, der politiet fann dynamitt. Bombegruppa detonerte sprengstoffet ved Stoa i Arendal.

PST er rutinemessig varsla om saka, ifølgje Torsvik.

Det er ikkje mistanke om at dynamitten skulle brukast til ei terrorhandling.

Helge Torsvik, Arendal politistasjon

Etterforskingsleiar Helge Torsvik ved Arendal politistasjon.

Foto: Espen Bierud / NRK

Kan komme fleire arrestasjonar

Den same dagen som politiet fann dynamitt på Tromøy, fann dei òg dynamitt i Grimstad.

To dagar seinare skjedde det same i Tvedestrand.

Torsvik vil ikkje seie noko om kvar dynamitten kjem frå, eller kva den skulle brukast til.

Han ser ikkje bort frå at fleire personar blir arresterte i saka.

Hei!

Tenkte du på noe spesielt da du leste denne saken? Send meg gjerne en epost! Jeg tar imot både meninger og tips. Du er anonym om du ønsker det.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %