– Utruleg deilig. Dette er terapi for sjela. Men det er berre eit lite skritt som er gjort. Vi treng fleire poeng for å sikre plassen, seier målvakt Svenn Erik Medhus til NRK.
Arendalittane hadde ikkje vunne ein seriekamp sidan 27. desember då dei slo Drammen på heimebane.
I søndagens oppgjer mot Bodø var laget tilbake slik vi kjenner dei. Hardtkjempande i forsvar og ikkje minst spelte målvakt Svenn Erik Medhus ei særs viktig rolle for sørlendingane.
God Medhus
Den tidlegare landslagsmålvakta har slite så langt i sesongen, men stengde nærast buret mot Bodø.
– Vi har hatt ein tung sesong, men i dag føler eg vi spelar slik vi gjorde i fjor. Vi var nær ved å knuse dei, seier Medhus.
ØIF gjekk til pause med 13-8 leiing og hadde ingen planar om å setje på bremsen i andre omgang.
I andre omgang sette dei nemleg inn eit ekstra gir og heldt fram det gode spelet og vann til slutt 25-19.
Nøgd trenar
– Dette var deilig og befriande rett og slett. Vi riv og slit i dei. Vi har godt målvakt- og forsvarsspel. Vi har hatt fokus på Medhus. I dag er han perfekt. Han gjer det han skal gjere og vel så det, seier trenar Asle Gran.
Dette var ØIF Arendal sin tredje heimesiger for sesongen. Klubben er blant laga med dårlegast poengfangst på heimebane i eliteserien så langt denne sesongen.
900 tilskodarar såg oppgjeret i Sør Amfi.
ØIF Arendal ligg eitt poeng føre Nøtterøy som ligg på kvalifiseringsplass. ØIF møter nettopp Nøtterøy borte neste helg.