Hopp til innhold

Vil ha «balkan»-stemning i Sør Amfi

Den nye ØIF Arendal-trenaren Marinko Kurtovic vil ha betre stemning i Sør Amfi. Kurtovic meiner trykket var langt betre då laget spelte i Nedeneshallen.

Den nye ØIF Arendal-trenaren Marinko Kurtovic vil ha betre stemning i Sør Amfi. Kurtovic meiner trykket var langt betre då laget spelte i Nedeneshallen.

NETT-TV: Vil ha «balkan»-stemning i Sør Amfi.

– Eg skulle ynskje at trykket var litt betre. Eg skulle ynskje at vi kunne få inn litt «balkan»-trykk og jage motstandaren vekk. Dei har eigen supporterklubb med eit stort potensial. Eg meiner det burde vere endå betre trykk, seier Kurtovic til NRK.

Kurtovic har besøkt både Nedeneshallen og Sør Amfi som trenar for Drammen og Runar.

«Svermen»: – Jobbar for å bli betre

– Det skjedde noko når laget flytta til Sør Amfi. Heimebana må vere eit fort slik Nedeneshallen var. Det vil eg ha tilbake, seier han.

– Eg vil ha eit publikum som er med oss både når det går dårleg og når det går bra. Vi må dra i same retning uansett resultat, seier han.

Bente Christensen i supporterklubben «Svermen» påpeikar at dei stadig prøvar å bli betre.

– Vi jobbar hardt med å lage betre stemning i Sør Amfi. Eg trur ikkje stemninga har endra seg etter at vi flytta, men hallen er større og er vanskelegare å fylle med heiarop, seier ho.

– Eg veit ikkje heilt kva han meiner med «balkan»-trykk, men det er sikkert veldig mykje støy og hjelper sikkert spelarane på bana. Vi må kanskje leggje om strategien. Vi har nok kanskje vore litt snille og har vore veldig på å bruke stemma for å skape stemning. Vi må kanskje ta i bruk andre ting, seier ho.

Har trua på Kurtovic

Supporteren vil no gå i dialog med trenaren for å lufte idear til korleis stemninga kan bli endå betre i Sør Amfi.

– Vi må prate med han og sjå kva visjonar og meiningar han har om Svermen og ØIF Arendal, seier ho.

Christensen har trua på Kurtovic som ny ØIF Arendal-trenar.

– Det er kjempespennande. Vi håpar han er litt same type som Leif Gautestad. Vi er der for laget og vil gjere det beste ut av det med Kurtovic. Eg trur det blir bra, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %