Hopp til innhold

Dronemysterium: Filma dette over eit av landets største kraftverk

NRK kan for første gang vise ein video av det folk mistenker kan vere ei drone over eit norsk kraftverk.

– Det var litt ekkelt, seier personen som har filma, og som ikkje vil stå fram med namn.

Personen som filma og ein kollega har gjort fleire observasjonar av det dei meiner kan vere ei drone sidan i sommar.

Alle observasjonane er gjort om natta.

– Hadde det vore eit fly ville vi ha høyrt lyd, men vi kunne ikkje høyre noko. Den fauk lågt over kraftanlegget og har gått i same bane fleire netter, forklarar kvinna, som ofte jobbar om natta.

Det er også gjort observasjonar fleire stader i bygda.

Les også Lys observert over kraftanlegg i flere timer

Sira-Kvina kraftselskap

Vil ikkje kommentere

NRK har vore i kontakt med både Forsvaret og politiet onsdag.

Forsvaret viser til politiet. Politiet hadde ikkje høve til å kommentere videoen eller observasjonane onsdag. Dei at har sett i gang etterforsking etter observasjonar av det som kan vere dronar i Sirdal.

Etter det NRK forstår, er videoen frå Sirdal send til politiet og er ein del av etterforskinga.

– Den siste tida har vi fått inn fleire meldingar om observasjonar av dronar rundt det som er karakterisert som kritisk infrastruktur. Vi ynskjer ikkje å seie når eller kvar, sa seksjonsleiar ved Nordsjø- og miljøseksjonen i Sør-Vest politidistrikt Amund Preede Revheim.

– Vi ynskjer heller ikkje å gå i detalj på kva observasjonane går ut på, sa han.

Folk ringer ordføraren om observasjonar

I september vart det kjent at det er observert uidentifiserte dronar i nærleiken av nettanlegg, kraftverk og utanlandskablar.

I tillegg er det gjort fleire observasjonar av dronar ved fleire olje- og gassinstallasjonar i Nordsjøen.

Videoen i denne artikkelen er frå eitt av Sira-Kvina kraftselskap sine anlegg på Tonstad i Sirdal. Kraftverket er eitt av dei største kraftverka i landet.

Ordføraren har blitt kontakta av fleire innbyggjarar om observasjonar dei meiner kan vere drone.

– Mitt inntrykk er at folk ikkje er redde, men uroa. Folk tek kontakt med meg for å fortelje det vidare slik at det kan følgjast opp, seier ordførar Jonny Liland i Sirdal.

Etterlyser informasjon frå styresmaktene

Liland ventar at styresmaktene og politiet gjer det dei kan for å finne ut om det er ei drone som har sirkla over kraftstasjonar i bygda.

– Eg ventar at dei tek det på alvor slik at innbyggjarane kan føle seg trygge. Samstundes skal vi passe på kraftanlegg og kraftproduksjon blir vareteke, seier han.

Tidlegare denne veka vart det kjent at Heimevernet skal hjelpe politiet med vakthald ved fleire olje- og gassanlegg langs kysten.

Sirdal er blant dei største kraftkommunane i landet med betydeleg kraftproduksjon.

– Vi har mykje kraft og Agder er ein stor produsent av fornybar energi. Det burde tilseie at politiet er til stades. Eg kjenner ikkje til om det er snakk om vakthald. Men vi ventar at det kjem informasjon frå sentrale styresmakter på kva som vert gjort, seier Liland.

– Truleg ikkje vonde hensikter

Førsteamanuensis Lars Peder Haga ved Krigsskolen har sett videoen NRK har fått tilgang til.

– Det er ikkje veldig truleg at det er nokon med vonde hensikter som held på her. Dei ville ha planlagt på førehand kva dei skal finne ut. Dei gjer ein observasjon og ikkje noko meir. Dei dreg ikkje på seg uønskt merksemd, seier Haga.

– Det er meir truleg at det kan vere ein som tykkjer det er kjekt å filme eller fly drone. Men det kan og vere noko heilt anna. Det er heilt umogleg å slå fast utifrå denne videoen. Den seier meg ingenting, seier han.

Han viser til at ein observasjon av noko «merkeleg» gjerne dreg med seg fleire tips.

– All erfaring frå store øvingar når nokon har sett noko dei trur er dronar, så veltar det inn rapportar om observasjonar som viser seg å vere fly, mobilmaster og til og med ballongar. Samstundes må det ikkje bli slik at folk som ser noko utanom det vanlege let vere å melde ifrå, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %