NRK Meny
Normal

Dette skjedde natt til laurdag

Politiet fekk ei rekkje telefonar om overstadig rusa personar natt til fredag. Ein drosjesjåfør skal også ha blitt overfalt i Mandal. Her er politiloggen.

08:00 Åmli: Ein sakna skiløpar er funne i god behald. Det har vore leita etter skiløparen i natt.

03:08 Kristiansand: Politiet tok hand om ein rusa person i sentrum av Kristiansand. Personen skal vere ein kjenning av politiet.

02:32: Arendal: Ein 23 år gammal mann vart arrestert for ordensforstyrrelse i Arendal. Mannen var rusa.

02:11 Grimstad: Ein person vart bortvist frå Grimstad sentrum etter ein slåstkamp.

02:00 Kristiansand: Politiet fekk melding om ein sovande mann på ein busstopp. Politiet fann ingen personar då dei kom til staden.

01:09 Lyngdal: Politiet rykte ut etter melding ein særs rusa mann i Lyngdal. Politiet fann ingen rusa mann då dei kom til staden.

00:35 Kristiansand: Politiet vart tilkalla på grunn av ein vanskeleg gjest på eit hotell i byen.

00:10 Arendal: Ein mann (26) vart arrestert for ordensforstyrrelse og slåsting på Fiskebrygga. Mannen var rusa.

23:46 Kristiansand: Politiet vart tilkalla av vakter på ein utestad i byen som hadde problem med ein kø. Det var roleg i køen då politiet kom til staden.

23:08 Mandal: Politiet fekk melding om at postkassar vart sprengde på Vestnes i Mandal.

23:00 Mandal: Ein taxisjåfør skal ha blitt overfalt av ein kunde. Sjåføren skal ikkje vere alvorleg skada, ifølgje politiet.