Hopp til innhold

Bolaños: - Ein kjempesjanse for meg

Christian Bolaños skreiv under for FC København i dag. I ettermiddag var han på Gardermoen, på veg til Danmark.

Christian Bolanos

TIL FC KØBENHAVN: Christian Bolaños skreiv under for den danske klubben i dag.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Eg føler meg bra. Dette er ein kjempesjanse for meg og familien min. Eg er veldig spent på å gå til København. Eg håpar alt er bra for alle, seier Bolaños til NRK.no.

LES OGSÅ: Bolaños til FCK
LES OGSÅ: Åtte millioner for Bolaños

Midtbanespelaren har i lengre tid ønska seg vekk frå Start. I går leverte costarikanaren årsbeste i 2-3 tapet mot Rosenborg på Sør Arena. Det gjorde at Ståle Solbakken la nok pengar på bordet i forhandlingane med Start i natt.

– Ein stor klubb

– Eg vil til København fordi det er ein stor klubb. Dei skal vere med i Meisterligaen. Alle spelarar vil spele i denne turneringa, seier Bolaños.

Både Vålerenga og Rosenborg har jakta på kantspelaren. Men det var danskane som kom med det beste tilbodet til Start.

LES OGSÅ: Eggen: – Vi var ikke flinke nok
LES OGSÅ: Eggen vil ha Bolaños

– Det er ikkje noko meir å kommentere. Vi var berre ikkje dyktige nok og flinke nok til å få han, sa RBK-trenar Nils Arne Eggen tidlegare i dag.

– Det er klart det er meir gjevt å spele i Meisterligaen enn i Europligaen, seier Eggen.

Europas gjevaste turnering

No ser Bolaños fram til å ta fatt på nye utfordringar i FC København.

– Eg vil jobbe hardt. Sjølvsagt har eg eit mål om å få speletid i Meisterligaen, men det krev hardt arbeid, seier Bolaños.

LES OGSÅ: Bolaños vil bort fra Start
LES OGSÅ: Flere kjemper om Bolaños

Om Bolaños siktar høgare enn FC København i framtida, svarar han følgjande.

– Eg har ambisjonar, men no er eg glad eg får denne sjansen, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %