Hopp til innhold

Båtturister værfaste på Sørlandet

Uvêret på Sørlandet skapar midlertidig stopp for båtreisande langs kysten. Gjestehamner fyllast opp av vindfaste båtfolk.

Værfast

Fleire gjestehamner på Sørlandet fyllast opp av båtturistar som må setje turen på vent grunna været.

– Legenda om Sørlandet om sommaren er i ferd med å slå sprekkar.

Det seier Per Arne Brandal, som er ein av fleire båtturistar som for augneblinken er vêrfast ved fleire gjestehamner langs Sørlandskysten.

Nok ein dag med sterk vind frå vest og nordvest gjer at gjestehamner på Sørvestlandet fyllast opp av vindfaste båtfolk.

Håpar på å rekke jobb

Saman med Ove Kvangarsnes fekk heimreisa til Ålesund midlertid stopp grunna været. No ventar dei på betre værutsikter i gjestehamna i Mandal.

– Vi må berre ta oss tid til å vente, det er fem meter bølgjer og sterk kuling rundt Lindesnes, så til og med for oss barskingar er det litt for mykje, seier Kvangarsnes.

Utfordringa er å rekke jobbstart til måndag, men sunnmøringane er optimistiske.

– Jobben skal vi nok rekke, seier Kvangardsnes.

Laster Twitter-innhold

Vinden set ein stoppar for heimreisa

Mange båtturistar ligg i desse dagar vêrfast i hamnene på Sørlandet. Sterk vind gjør seilasen heim vanskeleg.

I Farsund ligg familien Damman til kai, i påvente av å kunne reise vidare. Dei er ein av fleire båtfolk som ventar på betre vær så dei kan setje kursen vidare.

– Vi kom frå Kristiansand på søndag og hadde planar om å dra heilt til Stavanger, men det blei naudhamn i Farsund. Det er jo ein fin by, men når du er på veg heim så har du lyst å bli ferdig med det og kome deg av garde, seier Henry Damman.

– Viss vi skal tru på Yr, eller Norsk Tipping som nokre kallar det for tida, så ser det ut til at vi kjem oss vidare på torsdag.

Sjå reportasje øvst i saka.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %