Hopp til innhold

Båtkrasj utan lappen kan koste dyrt

Forsikringsbransjen oppfordrar folk sterkt om å ta båtførarbeviset, som er innført for alle fødd etter 1980. Eit uhell med båten, utan båtførarbevis, kan svi på pengepungen.

Båt på skjær

KAN KOSTE: Dersom du ikkje har båtførarbevis og kjem ut for ei ulykke, kan det koste deg dyrt. Forsikringsselskapa er klar på at alle bør ta båtførarbeviset.

Foto: If

Roald Stigum Olsen

Roald Stigum Olsen

Foto: Privat

– Vi ser på om det er årsakssamanheng mellom uhell og om du manglar kompetansen, som eit båtførarbevis har, seier pressetalsmann i Tryg Forsikring, Roald Stigum Olsen til NRK.no.

– I verste fall kan det medføre ei stor avkorting i erstatninga, seier han.

Ei oversikt frå Finansnæringens Fellesorganisasjon viser at det vart rapportert inn 9475 skader til forsikringsselskapa i fjor. Dette er ein nedgang på over 1200 skader frå året før.

Den same oversikta viser at det vart betalt ut over 413 millionar kroner i erstatning i samband med fritidsbåtulykker i fjor. I 2009 vart det betalt ut over 451 millionar kroner.

– Skilnad på liv og død

– Båtførarar kan få redusert erstatning etter til dømes ei grunnstøyting, dersom det viser seg at føraren ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om til dømes navigering, seier assisterande informasjonsdirektør Emma Elisabeth Vennesland i forsikringsselskapet If.

– Til dømes dersom ein tek feil av raud og grøn stake. Slike ting lærer ein på båtførarkurset, legg ho til.

– På båtførarkursa får deltakarane ei realistisk og god opplæring, som kan vere ein viktig livreddar. Å bruke tid på å lese om båt eit par timar i veka, i staden for å spele dataspel, kan vere skilnaden på liv og død, seier Vennesland.

Tal frå Tryg Forsikring viser geografisk spreiing av båtulykkene. Men området frå Lindesnes til svenskegrensa peikar seg ut. Oversikta viser at heile 40 prosent av ulykkene skjer i dette området. Sjå og klikk på kartet under.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Det var ein rein tabbe

– Det viser seg også at det ofte er erfarne sjøfolk, som kjem ut for dei alvorlegaste ulykkene. Dei vert gjerne litt nonchalante. Det er viktig å vere på hugget heile tida, seier Vennesland.

Eit godt døme på at erfarne sjøfolk kjem ut for ulykker er yacht-ulykka i Lillesand 23. mai. Fleire redningsskøyter måtte dra den store båten laus etter at den gjekk på skjær i grunt farvatn.

– Det var ein feilbedømmelse, det er jo ikkje noko å skjule. Så det var ein rein tabbe, sa den tidlegare stortingspolitikaren og eks-presidenten i Redningsselskapet, Magnus Stangeland, som hadde chartra yachten.

I etterkant kom det fram at skipparen, som førte luksusyachten ikkje hadde sertifikat til å føre båten. Det er uklart kva følgjer dette vil få for mannen.

(Artikkelen held fram under kartet)

80 fots yacht på grunn ved Ulvøysund

PÅ GRUNN: Ein 80 fots stor yacht gjekk på grunn i Lillesand 23 mai.

NRK.no trefte fleire personar på ulike båtplassar i Kristiansand. Dei meiner det er feil at berre personar fødd etter 1980 må ta båtførarprøva.

Clas Falkum

Clas Falkum

Foto: Håkon Eliassen/NRK

– Det er berre tull. Vi som er fødd før månelandinga har jo like mykje ansvar for å køyre vettugt, som dei som er fødde etterpå. Det vil nok bli endra etterkvart, trur Øystein Hærås.

– Det er berre å samanlikne med trafikken på land. Du kan jo ikkje setje deg i ein dyr bil og køyre, dersom du ikkje har sertifikat. Du har ikkje lov til å køyre. Slik burde det ha vore på sjøen også, seier Clas Falkum til NRK.no.

– Ta båtlappen

Forsikringsbransjen rår alle, uansett alder, til å ta båtførarbeviset. Både med tanke på sjøsikkerheita og eventuelle forsikringsutbetalingar, dersom du skulle komme ut for ei ulykke.

– Det verkar som om det er liten samanheng mellom dødsulykker og båtførarbevis, sjølv om vi ikkje har full dokumentasjon på det, seier Stigum Olsen.

– Vi vil uansett rå folk til å ta båtførarprøva, seier han.

Stigum Olsen får støtte frå kollegaen i If Skadeforsikring.

– Vi oppfordrar alle til å ta prøva, sjølv om dei ikkje er forplikta til å ta båtførarprøva. Det gjev større sikkerheit og større trivsel til sjøs, seier Vennesland.

Video Fem på gata om båtførarbevis

VIDEO: Sjå kva «fem på gata» meiner om at personar som er fødde etter 1980 må ta førarbevis. Foto/Redigering: Håkon Eliassen

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %