Hopp til innhold

Auksjonerte bort i rasande tempo: – Selt

Over 200 varer forsvann på kort tid då hittegods vart auksjonert bort i Kristiansand. Mange nytta høvet til å gjere eitt kupp på noko dei ikkje heilt veit om fungerer.

Hittegodsauskjonen

Per Juel Larsen styrte auksjonen i Kristiansand med stødig hand og utan mikrofon. Her auksjonerer han bort ein gitar.

Foto: Viktor Sødal / NRK

– Eg er nysgjerrig og må ha litt moro veit du. Det er jo litt av kvart i denne kassa.

Det seier Jan Rune Henriksen som hadde møtt opp på auksjonen. Han fekk tips om det som skulle skje tidlegare på dagen av ein kollega og hadde ingen planar om å kjøpe noko.

Per Juel Larsen på hittegodsauksjon

Per Juel Larsen skaffa seg ei bøtte med verktøy som han ikkje heilt visste om han hadde behov for. Han betalte 400 kroner for alt i bøtta.

Foto: Viktor Sødal / NRK

Saman med Henriksen var det eit par hundre menneske som hadde møtt opp for å sjå kva som var til sals av hittegods i Kristiansand.

Det var Namsfuten i Agder som heldt auksjonen.

– Nokon som seier 1000? Selt, ropte Per Juel Larsen som styrte auksjonen.

Tinga som blei selde var ein kombinasjon av attgløymde ting, og dessutan gjenstandar frå politiet.

Det var både verdifullt verktøy, båtmotorar, smykkar og mykje anna som var til sals på auksjonen i Kristiansand.

Les også Festivalar blir hylla på nye frimerke

Palmesus på frimerke

Det er ingen reklamasjonsrett og garanti for at varene fungerer.

– Eg trur det er eit røvarkjøp, seier Henriksen som betalte 400 kroner.

I kassa hans låg det både ein spikarpistol, stikksag og mykje andre verktøy.

Det var 230 bodrundar og det dyraste blei selt for over 10 000 kroner.

Hittegodsauskjon namsfogden

Det var mykje verktøy som skulle auksjonerast bort.

Foto: Viktor Sødal / NRK

Gav bod for pappa

Det var klart flest menn til stades på arrangementet og nokre av dei vann bodrunden gong på gong.

To av dei som vann fleire bodrundar var Madelen Høyer Jonassen og pappa Morgan. Dei fekk med seg både verktøy og ein imac-maskin.

– Det er pappa som skal ha dei, fortel Madelen.

Madelen Høyer Jonassen, hittegodsauksjon vant 1000 kroner

Madelen Høyer Jonassen la inn boda for far sin og sikra seg dermed denne verktøykassa full av verktøy.

Foto: Viktor Sødal / NRK

Dei sikra seg Apple-maskina for 2000 kroner. Om ho fungerer veit dei ikkje.

Pappa Morgan reknar med at han uansett er mykje meir verdifull enn prisen som dei betalte og at det dermed var verd å ta sjansen.

Morgan og datter Madelen Høyer Jonassen, hittegodsauksjon

Morgan og dotter Madelen Høyer Jonassen skaffa seg også ein imac, som dei ikkje visste om fungerte.

Foto: Viktor Sødal / NRK

Må dokumentere

Tidlegare har det hendt at nokon har sett sine eigne ting ligge klare for å bli auksjonerte bort.

– Det har skjedd og da blir denne gjenstanden halden til side, seier Anita Andrå Andersen hos Namsfuten.

Som legg til at det må dokumenterast.

Det meste som skal auksjonerast bort har lege hos Namsfuten ei god stund..

Hittegodsauskjon Namsfogden

Det var om lag 200 personar som møtte opp på auksjonen som Namsfuten arrangerte i Kristiansand.

Foto: Viktor Sødal / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %