– Vi er utruleg stolte over å bli representerte på Posten sine frimerke. Palmesus har vore ein viktig del av Kristiansand sin sommaridentitet i over eit tiår. Å bli anerkjent på denne måten er verkeleg ei ære.
Det seier kommersiell direktør i Palmesus Ketil Børstein Stensrud i ei pressemelding.
– Palmesus kallar seg Skandinavias største strandfest, så det er klart den festivalen fortener sitt eige frimerke i denne serien, seier frimerkedirektør i Posten Bring, Halvor Fasting.
Halvor Fasting har den sjeldne tittelen frimerkedirektør i Posten.
Foto: Nils Midtbøen / PostenTema «Festivalsomar»
Frimerka er ein del av den nye frimerkeutgjevinga som har tema «Festivalsomar».
Utgjevinga inkluderer Vinjerock på Eidsbugarden, Riddu Riđđu Festivála i Kåfjord og Ekstremsportveko på Voss.
– Noreg har ein rik festivaltradisjon, og sommaren er verkeleg høgtida for festivalar i landet vårt. Å ha Palmesus representert på desse frimerka er ei anerkjenning av betydninga festivalen har både lokalt og nasjonalt, seier Fasting.
Utgjevinga inkluderer også Vinjerock på Eidsbugarden, Riddu Riđđu Festivála i Kåfjord og Ekstremsportveko på Voss.
Foto: Posten Bring ASFrimerka blir gitt ut 1. juni.
Designen er utført av Camilla Kvien Jensen, og kvart motiv kjem i eit opplag på 430.000.
Fleire utgjevingar i 2024
Tidlegare i år har Posten gitt ut frimerke med tema «Flora og fauna under vatn».
Seinare i år kjem frimerke med desse temaa:
- Gråkallbanen 100 år – Raumabanen 100 år (20. september)
- Forsking, innovasjon, teknologi (5. oktober)
- Blodgivning/organdonasjon (7. november)
- Julefrimerke (7. november)