Hopp til innhold

Auka utgifter gir dyrare jordbær

Ei korg med jordbær kostar no nesten 60 kronar i fleire butikkar på Sørlandet.

Norske jordbær

Denne veka kosta ei korg med jordbær nesten 60 kroner i fleire butikkar på Sørlandet.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Vi hadde lyst til å plukke norske jordbær og så er det jo litt billigare å plukke sjølv enn å kjøpe i butikk, seier Andrea Kåsbøl.

Ho er på ferie på Sørlandet, der prisen på ei korg med ein halv kilo norske jordbær kosta 59,90 i fleire butikkar denne veka.

– Dei har vorte dyre. Det er litt i meste laget, men bøndene skal jo ha noko òg, seier kunde Thom Eilert Thorstensen.

Jordbær-kunde

Thom Eilert Thorstensen kjøpar jordbær sjølv om han syns dei har vorte dyre.

Foto: Leif Dalen / NRK

Kan bli endå dyrare

Ifølgje VG kan ei korg med jordbær komme til å koste opp mot 80 kroner i butikk i sommar.

Det skal vere fleire grunnar til det.

– Det har vore eit lønnsoppgjer som var ganske stort og krona er svak. Ein må betale plukkarane meir for at dei skal få med seg like mykje pengar til heimlandet sitt, seier rådgivar i Grøntprodusentenes samarbeidsråd Sigurd Sylling.

Les også Slik vil du merke den svake krona

Turister på en uterestaurant i Arcachon, nær Bordeaux.

I tillegg må bøndene betale meir for varer dei treng.

– Diesel, gjødsel, plast, jordbærplantar. Alt mogleg har auka i pris, seier jordbærbonde i Byrge Kalvehagen i Grimstad.

Les også Været skaper utfordringar i jordbæråkeren: – Alle bønder drøymer om regn no!

Jordbær i jordbæråker

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %