Hopp til innhold

Været skaper utfordringar i jordbæråkeren: – Alle bønder drøymer om regn no!

Varmt og tørt vêr på Sørlandet kan føre til ein kortare jordbærsesong.

Jordbær i jordbæråker

Norske jordbær er populært, men i år kan sesongen bli både kort og intens.

Foto: Steinar Lote / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima


Den norske jordbærsesongen er i gang fleire stader i landet, og i Vennesla er det ikkje lenge til dei første jordbæra frå Steinsland kan plukkast.

– Det er veldig mykje kart, men ikkje lenge til dei blir raude og etandes no.

John Olav Steinsland er fersk jordbærbonde og følgjer nøye med i åkeren. Han snakka først om dette i Vennesla Tidende.

John Olav Steinsland

Det kryr av jordbærkart i Vennesla. Men tørt vær fører til hyppig vatning og mogelegheit for eit skred av modne bær.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Rask modning

I år byrjar sesongen tidlegare enn normalt på grunn av det varme og tørre junivêret.

Det kan få konsekvensar.

– Det bognar av kart! Vi får alle jordbæra på ein gong, og det kan bli utfordrande å få selt dei. Og så må vi vatne veldig mykje for det er så tørt, seier Steinsland.

Det varme og tørre vêret kan også gjere at jordbærsesongen kan blir kortare og meir intens fordi alle bæra modnast samtidig.

John Olav Steinsland

Jordbærbonde John Olav Steinsland reknar med ein intens og travel jordbærsesong.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Vil ha regn

Sjølv følgjer jordbærbonden nøye med på vêrmeldinga.

– Alle bønder drøymer om regn no!

Ifølge statsmeteorolog hos Meteorologisk institutt Bente Wahl, vil det framleis vere varmt og tørt i nærmaste framtid, men det er sjanse for nokon regnbyer.

– No er nok sjansen for byer om ettermiddagen, med tore større. Men det er i indre strøk byene gjerne byggjer seg opp.

Og om ei vekes tid reknar jordbærbonden med å starte salet.

– Vi kryssar fingrane for at folk vil kjøpe lokale jordbær! Seier Steinsland.

Skjermdump fra Meteorologisk institutt

Det blir ikkje mykje nedbør med det aller første, for Sørlandet sin del.

Foto: Skjermdump fra Twitter / Elin Skaar

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %