Hopp til innhold

Åtvarar båteigarar: – Det er fare for store skadar

Snøstormen i sør har ført til kraftig ising på båtar. Redningsselskapet ber folk vere forsiktige når dei skal ut å sjekke båtane sine.

Frost på båt

Sprengkaldt: Denne båtmotoren i Lyngdal har sett varmare og betre dagar.

Foto: Lyngdal Båtforening

– Det er rett og slett fare for store skadar på båtane viss dei blir ståande slik, seier medievakt i Redningsselskapet Markus Plementas.

Sidan nyttår har det herja eit kraftig snøvêr på Sørlandet.

Les også Brøyte-maraton i sør: – Har aldri sett så mye snø

Snø bringes ut av Kristiansand sentrum

Torsdag morgon oppdaga båtforeininga i Lyngdal omfattande ising på fleire av båtane i hamna.

Ismengdene hadde mellom anna søkke ein båt delvis, slik at sjølvlensinga kom under vatn.

Båt sunket

Kraftig ising gjorde at denne båten vart drege til botnen.

Foto: Lyngdal Båtforening

– Eg vil tru det er fleire som har desse problema rundt omkring med dei låge temperaturane og vinden me har no, seier leiar Roger Bordvik i Lyngdal Båtforening.

Redningsselskapet ber no båteigarar om å sjekke og fjerne is frå båtane sine.

Ising på båt

Det er meld sprengkulde fleire stader i Sør-Noreg framover. Når det blæs i tillegg kan båtar fryse til istappar.

Foto: Lyngdal Båtforening

Kan vere farleg

Det kan vere ei omfattande oppgåve å fjerne is på glatte bryggjer og båtar. Plementas fortel at ein burde ta forholdsreglar viss ein skal ut til båten.

– Ein bør få fjerna isen og snøen på ein så forsvarleg måte som mogleg. Det inneber farar å skulla få isen av båtane.

Han seier at dei fleste som har båtane sine ute om dagen vil oppleve ising.

– Det er slik vêret er. Det er heilt vanleg med sprengkulda.

Markus Plementas
Kommunikasjonsrådgiver/ Medievakt, Redningsselskapet

Medievakt i Redningsselskapet Markus Plementas ber folk vera forsiktige viss ein skal ut å fjerna is frå båten.

Foto: Karina Halvorsen / Redningsselskapet

Har ute farevarsel

Meteorologisk institutt har ute eit gult farevarsel for ising på skip langs kysten av Agder og sør i Rogaland. Same farevarsel gjeld for kyst- og fjordstrøk i Finnmark.

Vakthavande meteorolog Håkon Mjelstad fortel at dei vil forlengja farevarselet i sør til laurdag morgon.

– Det er typisk sånn det blir når det er kaldt og det i tillegg er frisk bris eller meir. Då kan sjøsprøyt blåse opp og fryse på båtar, seier Mjelstad.

Ising på skip

Gult farevarsel frå Meteorologisk institutt. Varselet varer til klokka 09:00 laurdag morgon.

Foto: Meteorologisk institutt

Folk har vore uheldige

Hos If forsikring har dei allereie fått inn nokre meldingar frå folk som har vore uheldige med båten.

– Me har fått inn nokre skadar på båtar som har sokke under vekta frå snøen, som har komme dei siste dagane, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz.

Les også Norsk oppfinnelse hindrer båter i å synke: – Kan redde liv

Antisink

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %