Hopp til innhold

Arbeidsledige slit på heimebane

Terapeutar merkar auka pågang frå folk som har blitt arbeidsledige. – Mange som mistar jobben får problem i parforholdet, seier familieterapeut.

Skilsmisse

Å miste jobben kan få store konsekvensar for privatlivet. Terapeutar seier yttarste konsekvens kan vere at par går frå kvarandre.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Både i parterapi og i mekling er det noko som har kome meir og meir opp den siste tida. Det er ei veldig stor belasting for mange, rett og slett.

Det seier familieterapeut Tom Åge Besteland ved familiekontoret i Vest-Agder. Han fortel fleire enn tidlegare seier at dei har mista jobben og slit på heimebane.

Problema kan gå så langt at par går frå kvarandre.

– Det er klart at det er ei kjempestor belastning for mange. I nokre saker vil eg tru at det kan bli så ille at dei går frå kvarandre.

– Draumane om ei framtid blir usikre

Dei merker godt nedgangstidene i arbeidsmarknaden, og stadig fleire arbeidsledige oppsøkjer familiekontora for å få hjelp.

I 2015 fekk familiekontoret i Vest-Agder nesten 1100 førespurnader, ei auke på 20 prosent frå året før.

– Økonomien blir dårleg, dei må kanskje selje huset, dei går heime og irriterer seg av kvarandre i staden for å gå på jobb.

Han fortel at dette kan gå ut over framtidsutsiktene.

– Draumane dei hadde om ei framtid blir veldig usikre.

– Ta signala alvorleg

Besteland fortel at mange blir fortvilt over situasjonen dei er i.

– Det vi møter her er stort sett kriser, og det å miste jobben er krise. Det handlar om å snakke om det, tilverke, og hjelpe dei til å sjå ei løysing.

Parterapeuten råder folk som mistar jobben til å ta signala i forholdet alvorleg, og søkje hjelp.

– Som alle andre kriser er det viktig å snakke om korleis arbeidsløyse verkar inn på parforholdet eller familien.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %